Til ære for Eiliv Odde Hauge
Kart
Utforsk regionenÅpningstider
| Valdres Folkemuseum, Festsalen (11 jun 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Torsdag | 19:00 | |

Du er her Hva skjer > Til ære for Eiliv Odde Hauge
Eiliv Odde Hauge (1913–1971) var forfattar og dramaturg - og museumsbestyrar ved Valdres Folkemuseum frå 1959 til 1964. Med sitt store nettverk og sterke engasjement gav han turistverksemda ved museet eit kraftig løft i si tid som leiar. Samstundes var han i enkelte kretsar ein omstridd person. Kven var han eigentleg, kva fekk han utretta – og korleis vart han møtt av lokalsamfunnet? I samband med Valdres Folkemuseum sitt 125-årsjubileum inviterer vi til ein kveld tileigna Hauge og arbeidet hans i Valdres.
Lokalhistorikar Harald Hvattum vil fortelje om Eiliv Odde Hauge, livsverket hans og tida han verka i. Tidlegare museumsvertinne Inger Noraker Raagholt deler sine eigne minne og erfaringar frå museet tidleg på 1960-talet.
Vi viser også filmen om Valdres-kunstnarar som Hauge fekk laga i samarbeid med Postsparebanken (Norges Postmuseum).
TID: Torsdag 11. juni 2026 kl. 19.00
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum.
PRIS: Kr 140 (kr 60 for dei under 26 år)
ARR: Valdresmusea
| Valdres Folkemuseum, Festsalen (11 jun 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Torsdag | 19:00 | |
Visit Valdres AS
Jernbanevegen 7
2900 Fagernes
Tel: (+47) 401 89 118
info@visitvaldres.no
Valdres Natur- og Kulturpark
Skrautvålvegen 77
2900 Fagernes
Tel: +47 61 35 94 50
post@valdres.no
© Visit Valdres og Valdres Natur- og Kulturpark 2026. All Rights Reserved

