1023 reknast som året for kristninga i Valdres då Heilage Olav fòr gjennom dalføret. I 1923 var det ei stor jubileumsfeiring i Valdres med kong Håkon til stades. Då var det 900 årsfeiring, no er det 1000 år.
Heile 2023 vil vere eit jubileumsår med markeringar i alle Valdres-kommunar.
I 1923 var feiringa prega av lange alvorlege talar om kristendom, misjonering og nasjonsbygging. Målet no er ei markering som ser framover mot nye 1000 år for folk i Valdres. Kva er dei gode sider ved lokalsamfunna våre og kva treng eit kritisk blikk?
Før kristninga var Noreg i stor grad eit «ættesamfunn» ifylje historikarane. Det var ætta som var viktig medan det enkelte individ ikkje var så mykje å ta omsyn til. Valdsbruk var løysinga og høvdingen styrde folks liv og død. Kristenretten som overtok la vekt på at menneske var skapt i Guds bilete. Vald mot eit menneske var som vald mot guddomen. Det vart slutt på å bære ut uønskte born i naturen, trældom vart gradvis avskaffa. Kvinna fekk, etter status og rikdom, etter kvart rett til sjølv å velja ektemake. Samfunnet vart sentralstyrt av ein rikskonge, men då måtte det vere grunnleggjande lover å styre etter. Det vart heitande: «Med lov skal landet byggjast». Innføring av samlande lover førte til at kongen ikkje berre kunne følge eigne innfall, og den einskilde fekk med tida både meir ansvar og meir fridom.
Kvar er vi i dag?
Kyrkja i Valdres, Valdres Historielag, Valdresmusea og Valdres Natur- og kulturpark har gått saman for å markere den store omveltinga som kristninga innebar. Her er det ikkje berre snakk om historisk tilbakeblikk, men å dukke ned i kva for verdiar som var med på å forme samfunnet og kva vi kan bygge vidare på i notid og framtid.
Det er eit mål å få med skular, ungdomsråd og kommunar på ei drøfting av dei utfordringane vi står overfor i dag. Ettersom Olav og karane hans i fylgje Snorre Sturlason kom opp frå Lærdal om hausten, så vil vi satse på september som markeringsmånad med skular og andre. Dei unge må med i debatten.
I heile jubileumsåret 2023 ynskjer å vi tematisere korleis vi bygger vår nasjon i eit fellesskap der alle innbyggarar har sin plass, både dei med lange røter i Valdres og dei mange som er busett frå ulike stader av landet og verda i nyare tid. Vi opplever at fred, respekt og toleranse ikkje kan reknast som sjølvsagt. Jubileumsåret skal framheve historiske røter og tradisjonar og sjå korleis desse kan vere i eit samspel med fargerik og mangfaldig notid for bygging av ei framtid som gjev rom for alle.
Det er eit mål å engasjere friviljuge lag og organisasjonar til arrangement. Allereie no er det laga planar for ei pilegrimsvandring frå Etnedal, via Kyrkjesletta og kyrkjevegen til Skrautvål og gjennom Øystre Slidre over til Slidredomen. Jarnvegen over Filefjell skal få si kløvvandring. Museet vil arrangere grubleseminar i Slidredomen og seminar i februar over korleis vi ordna opp i rettstvistar før kristninga. Kyrkjepasset vil ble relansert våren 2023 og i samband med det planlegg vi ei «Pilgrimsferd» til utvalde kyrkjer. I Øye skal det nye dokumentasjonssenteret ved stavkyrkja opnast.
Sjå opptak frå seminaret "Valdres i tusen år" på Valdres Folkemuseum 9. februar her
Hovudmarkering under Olsok
Laurdag 29. juli blir det ei felles hovudmarkering som startar i Vestre Slidre og som blir avslutta med folkefest på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Programmet tar til ved Tingsteinen i Vestre Slidre med eit historisk program under leiing av historielaga i Valdres. Så held det fram med ei økumenisk fredsgudsteneste i Slidredomen og Olsokfeiring og folkefest på museet.
Det er mykje som skal planleggast og vi håpar at det å bli kjend med fortida, både det som var kritikkverdig og det som var av det gode, kan gje viktige innspel til å bygge gode lokalsamfunn som gjer Valdres til ein god stad å leve. Dette er ikkje noko som ein prosjektkomité kan klare åleine, her trengs det ein felles dugnad og mykje entusiasme for å skape eit minneverdig jubileumsår.
Vil du opprette eit arrangement i samband med 1000-års markeringa?
Det er mogeleg å søkje inntil 5000 kr i støtte for arrangement som tematisk fell inn under jubileet
For meir informasjon, kontakt på e-post: eivind@brennabu.no
Program for 1000 års-jubileet i Valdres
Smakebitar og foreløpig program gjennom jubileumsåret:
6. mai:
Kirkepasset for Valdres nylanseres.
13. mai:
Øye stavkirke åpner nytt bygg med utstilling om bl.a. Olav Haraldson.
23. juni - 1. juli:
Pilegrimsvandring fra Hedalen stavkirke til Sankt Thomaskyrkja i Vang.
6. juli:
Messe ved Fystrokyrkja
29. juli:
Olsokgudstjeneste i Reinli stavkirke.
29. juli:
Arrangement ved Tingsteinen i Slidre. Ansvarlig: Historielaget i Slidre.
Økumenisk freds-gudstjeneste i Slidredomen. Div trossamfunn inviteres. Biskop og øvrighet ellers. Opptog av biskop og prester med ringing i gamle og nyere klokker.
Folkearrangement på Valdres Folkemuseum med taler og musikk med mer.
30. juli:
Olsokmesser i diverse kirker i Valdres.
26. august:
Spelstykke på tingplassen ved Leinesanden. v/Vang historielag.
2. - 3. september:
Saltvegen over Filefjell. Vandring i samarbeid med Ragnar Eltun, Vang kommune, Valdres Natur- og Kulturpark og DNT Valdres.
September (dato ikke fastsatt):
Grubleseminar i Slidredomen.
Ungdom om ytringsfrihet i et kunstprosjekt.
Musikk i 1000 år. Et samarbeidsprosjekt mellom Innlandet fylke, Nord-Aurdal kommune, Jørn Hilme-stemnet, Valdres Sommersymfoni og Valdres i 1000 år
Antall resultater:
Antall resultater: 1
Pilegrimsvandring i Valdres
Type
Type:
Guidet tur
Datoer
- Fra:
- 23 Jun 2023-1 Jul 2023Valdres
Velkommen til pilegrimsvandring i Valdres! Pilegrimsvegen i Valdres har middelalderkirker som perler på en snor. Arbeidet med organisering og…
Følg oss på Facebook
Følg oss på Instagram