Mange fortrinn med E16 som hovudveg aust-vest


I fronten for E16: Vangsordførar og leiar i Stamvegutvalet, Vidar Eltun, regionsjef i Norges Lastebileier-Forbund, Guttorm Tysnes, komiteleiar for samferdsel og trafikksikkerheit i Oppland, Anne Elisabeth Thoresen, dagleg leiar i Visit Valdres, Erik Engelien og ordførar i Vestre Slidre, Eivind Brenna. Foto: Nils Rogn

På møte i Vegforum E16 måndag, vart ein rapport og ei ny brosjyre om E16 presentert. Rapporten er utarbeidd av rådgjevingsselskapet Structor, og er bestilt av Valdresrådet og Oppland fylkeskommune.

Med tittelen ”E16 – Den vintersikre øst-vest-veien. Rask utbygging – til halve prisen”, er beskjeden klar; Sats på fullføring av E16 som vegsamband nummer to over fjellet. Bakgrunnen for rapporten er at Statens vegvesen i ei konseptvalutgreiing (KVU) tilrår Rv52 over Hemsedalsfjellet som det andre vegsambandet mellom landsdelane. Her vart ikkje E16 vurdert som eit alternativ. Tidlegare har regjeringa valt E134 over Haukelifjell som hovudveg nummer ein.

Billigast og best

Rapporten slær fast at det vil koste mindre enn halvparten å bygge ferdig E16 mellom Hønefoss og Borlaug framfor RV52, og alternativet Rv7 over Hardangervidda blir enno dyrare. I kombinasjon med E134 som er raskaste veg mellom Oslo og Bergen, vil E16 vera ei mykje meir optimal løysing og serve eit langt større omland enn Rv52. Trafikk frå/til heile Mjøsområdet, nordover mot Trondheim og traktene nord for Oslo (Romerike, Gardermoen m.m.), vil naturleg sokne mot E16. Dessutan er E16 stort sett ferdigbygd over Filefjell, og vil alt frå i vinter vera det heilt vintersikre sambandet i dårleg ver. 

Vegforum E16 meiner difor at ein ved å fullføre E16 vil få den rimelegaste og vintersikraste vegen mellom aust og vest – og at det i tillegg kan skje mykje fortare enn alternativa. Ein meiner difor at E16 må med i vurderinga når det andre vegsambandet mellom Aust- og Vestlandet skal bestemmast.

- Me krev at Stortinget får eit meir realistisk beslutningsgrunnlag når hovudvegane mellom Aust- og Vestlandet skal avgjerast. Stortinget må få ei samordna og lik utgreiing av alle dei fire alternative hovudvegane aust-vest, seier ordførar Vidar Eltun i Vang. Stortingsvedtaket er venta utpå våren ein gong.

Rapport kan lastast ned her
Brosjyre her


Nyvegen ved Darbuvika på Filefjell. Foto: Nils Rogn

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: