Handlingsprogram, hytter og lokalmat i VNK-styret
27. oktober 2016
Fredrik Holte Breien og Guri Grønolen orienterte på måndagens styremøte om arbeidet med lokalmat- og hytteprosjekt. Begge desse prosjekta er viktige for Valdres, og styret viste stort engasjement under framlegga.
Fjell-Norges verdiskapingssenter for hytteturisme, er det fulle namnet på prosjektet Fredrik er engasjert til å jobbe med i ei 50 prosent stilling i to år framover. Prosjektet er ei vidareføring av Hytteprosjektet, og har ein verdi på 4,7 millionar. Arbeidet har tre hovudområde:
1. Nettverksbygging blant næringsbedrifter - motivere til å kunne levere pakkeløysingar
2. Bygge vidare på og fremme fortrinnet Fjellregionen har med tanke på verdifulle kulturlandskap, fjell og all næring knytta til dette
3. Inkludere hytte- og fritidsboligeigarar betre, for å kunne nytte dei ressursane denne gruppa har for samfunnet
Organisering
Formålet med prosjektet er å vise beste praksis i korleis bedrifter, kommunar, hytteeigarar og innbyggarar i ein fjellregion jobbar saman mot felles verdiskaping. Det er etablert ei styringsgruppe for prosjektet, og det skal setjast ned referansegrupper frå kvart hovudområde.
Verdiskaping
Fleire i styret påpeikte vertskapsrolla me har overfor hytteeigarane, og ikkje minst verdiskapinga hyttene har for næringslivet. Det er viktig at næringslivet går i lag for å tilby gode pakkeløysingar som gjer byggeprosessar enkle. Meir om arbeidet med verdiskapingssenteret for hytteturisme kan lesast HER.
Fredrik Holte Breien
Lokalmat
Guri Grønolen har dei siste åra jobba mykje med lokalmat, eit arbeid som no i haust enda opp med at andelslaget ”Mat frå Valdres” vart etablert. Her er 13 matprodusentar kome med til no, og formålet til laget er å samarbeide om sal, distribusjon og marknadsføring. Innovasjon Norge, BU-midlar og ikkje minst arbeidsinnsatsen til Guri og andre i VNK, bidreg i det nye prosjektet som går fram til 2018.
Lokale rettar på menyen
Delmåla til andelslaget er å betre fortenesta, betre tilgangen på lokalmaten og ikkje minst få fleire lokale rettar på serveringsstadane i Valdres. – Ja, av 12-14 matserveringsplassar i Valdres, er det berre to som har lokale rettar på menyen. Dette er altfor dårleg, repliserte Magne Kampen, og viste til avisskriveri om aure frå Peru og biff frå Uruguay.
Mat og avis på døra
Mykje tyder på at trenden no er meir for den lokale maten. – I år blir det lokalmatmarknad over to dagar på rakfiskfestivalen, og til neste sumar skal det gjerast ein innsats for å blåse meir liv i Valdresgildet, fortalde Guri. Ho kunne elles fortelja at lokalavisa arbeider med eit opplegg der mat og avis blir levert rett på døra. Målgruppa vil i fyrste omgang vera hytteeigarar på Beitostølen, Aurdalsåsen og Vaset.
Sjå presentasjonen til Guri HER.
Handlingsprogram 2017
Viktigaste sak til behandling på møtet var handlingsprogram for neste år. Dagleg leiar Jørand Ø. Lunde fekk skryt for ny mal for oppbygging av dokumentet – med innleiande kapittel om merkevara Valdres, deretter alle dei fem fokusområda med mål, delmål og tiltak. – Så konkret som dette på tiltakssida har det aldri vore før, sa Magne Kampen. – No er det opp til kommunane å koma med innspel fram til 30. november, avslutta regionleiar Inger Torun Klosbøle. Høyringsutkastet kan lesast HER.