Statsbudsjettet – Kampen for E16 held fram
9. oktober 2016
- Me er glade for satsinga på vegen vår, og at me vil ha ein hundre prosent vintersikker veg når Filefjellutbygginga er ferdig neste år, seier Vidar Eltun, leiar i Stamvegutvalget.
- I Statsbudsjettet som vart lagt fram 6. oktober er det få overraskingar, seier han vidare. Han hadde håpa på ein meir offensiv politikk for E16, stamvegen mellom aust og vest.
Når det gjeld Valdres meiner han at strekninga Turtnes-Øye burde vore med i budsjettet for 2017. – Det blir poengtert at vegutbygging må vera effektiv med fornuftig bruk av midlane. Her er Turtnes-Øye eit stjerneeksempel, som ei kostnadseffektiv forlenging av prosjektet Øye-Eidsbru. Denne parsellen er svært smal, og representerer eit markert standardbrot.
Eltun viser også til at midlar til rassikring av riksvegane går ned i neste års budsjett. Dette gjer at det mellom anna ikkje blir oppstart av E16 Kvamskleiva, sjølv om planarbeidet er ferdig og det er mogleg å starte bygging i 2017.
Dei ulike større prosjekta som er i gang langs E16, får som vist i tabellen under, ei samla ramme på 1,931 milliardar kroner i 2017.
Statsmidler og annen finansiering
i 2017
|
Restbehov pr. 01.01.2018 | |
E16 Sandvika–Wøyen | 912 | 1438 |
E16 Bjørum–Skaret | 100 | |
E16 Bagn–Bjørgo | 430 | 750 |
E16 Varpe bru–Otrøosen–Smedalsosen | 239 | 70 |
E16 Øye–Eidsbru | 250 | 376 |
Fylkesvis gjennomgang:
Akershus: 447 av dei 912 millionane til prosjektet Sandvika-Wøyen, skal finansierast med bompengar. Strekninga skal opnast for trafikk i 2019. Dei hundre millionane som er avsett til Bjørum-Skaret skal nyttast til planlegging, med anleggsstart i 2018.
Buskerud: Det er avsett midlar til vidareføring av planlegging av ny veg mellom Nymoen-Eggemoen. Denne strekninga vil bli tre kilometer kortare enn dagens veg som går innom Hønefoss. Det er vidare avsett midlar til to kryss, Hønenkrysset og Ringemoen.
Oppland: Utbygginga frå Bagn-Bjørgo skal finansierast med 180 millionar frå bomselskapet. Det er forventa at strekninga skal opne for trafikk i 2020. Utbygginga over Filefjell skal sluttførast neste år, og får 239 millionar til dette. Dei fire kilometrane frå Øye sør-Eidsbru som vart starta på i juni 2016, får 250 millionar neste år. Dette prosjektet skal stå ferdig mot slutten av 2018.
Sogn og Fjordane: Her inngår vestre del av Filefjellprosjektet fram til Smeddalsosen. Det er elles sett av midlar til restfinansiering av strekninga Smedalsosen-Maristova-Borlaug. I Aurland er det midlar til ein skredvoll i Flåm, og det er midlar til utbetring av Gudvanga- og Flenjatunnelen.
Hordaland: I Vaksdal kommune skal det byggast ein gangtunnel under E16 ved Dalegården i Vaksdal kommune. Det er vidare sett av midlar til planlegging av strekninga Stanghelle-Arna.