Elleve handverkarkurs i 2017


Arild Stensrud (Verne Vøla), Katharina Sparstad (VNK) og Odd Arne Rudi (Valdresmusea).

Valdresmusea, Verne Vøla og Valdres Natur- og Kulturpark held fram med kurs i restaurering og tradisjonshandverk også i 2017. Elleve kurs er planlagt gjennom året.

- I år hadde me 15 kurs på programmet, der 13 er gjennomført. Det var bra respons på alle desse, med 17 deltakarar som det meste på laftekurset, fortel Odd Arne Rudi, bygningsrådgjevar ved Valdresmusea. – Det var gledeleg mange huseigarar som deltok, i tillegg til handverkarar som vil gå djupare inn på enkelte felt.  Deltakarane kjem frå heile landet. Valdres har blitt lagt merke til med desse kursa som me no arrangerer på femte året, seier han vidare.


Verne Vøla

Samarbeidet med Verne Vøla, som er eit lokallag av Fortidsminneforeningen, gjev kursa god omtale i krinsar som er opptekne av gamle handverksteknikkar.  Verne Vøla har 120 medlemmer i Valdres, fortel Arild Stensrud som er leiar i styret. Han er sjølv laftar, og brenn for dei gamle og velprøvde teknikkane. – Me er faktisk den største lokalavdelinga, og tek gjerne imot fleire medlemmer, seier han og lokkar med ti prosent medlemsrabatt på alle kurs. 


Tallerken og krus

Odd Arne Rudi med spesialprodusert kurstallerken.Som hovudansvarleg for alle kursa, tek Odd Arne Rudi seg ekstra godt av deltakarane. – Alle får tallerken og krus med namnet sitt på når dei kjem. Dette brukar dei under heile kurset. Slik sparar me miljøet ved at det blir mindre avfall enn om me, som det ofte er, brukar eingongskoppar og – tallerkenar. Koppen fungerer som namneskilt når me sit rundt bordet. Namnet vender ut mot dei andre deltakarane, og koppen blir tilpassa slik at venstrehendte får namnet på rett side, smiler Rudi. Etter gjennomført kurs får alle kursbevis, t-skjorte og eit evalueringsskjema som dei blir bedt om å fylle ut.


Kompetente kurshaldarar

Rudi er sjølv kurshaldar i skifertekking, elles hentar han inn dyktige folk på dei enkelte teknikkane. – Me prøver så langt råd å bruke lokale krefter. Elles er det lett å få tak i kompetente folk frå heile landet. Me har som nemnt fått eit godt ry på dette feltet, og folk vil gjerne stille både som kurshaldarar og -deltakarar.


Pengar å hente

- Valdres Natur- og Kulturpark hjelper oss med å laga ein årleg kurskatalog, og er kurshaldar på søknadsskrivingskurset. Dette er eit viktig kurs for alle som planlegg restaurering av gamle hus. Det er midlar å hente til slikt, men det er ein fordel å kjenne rutinane for slike søknader, fortel Odd Arne Rudi.


Gratis dagsverk

Rudi er sjølv på tilbodssida til folk som vil i gang med restaurering. - I stillinga mi ligg det tilbod om eitt gratis dagsverk til alle som vil i gang med restaurering. Dette gjeld heile Valdres, og mange har fått hjelp i dei sju åra eg har hatt denne jobben, seier han.

På tampen vil han reklamere for det siste kurset i år – eigentleg ein temakveld om verktøy. – Har du eit verktøy liggande som du ikkje kjenner bruksområdet til, ta det med til Breie gard, Etnedal om kvelden 1. desember. Dette blir ein sosial pratekveld om bruk av gamle verktøy. Det er også greitt å ta med noko praktisk og nyttig verktøy som ein vil vise fram, avsluttar Rudi.

Kurskatalogen for 2017 er snart klar. Følg med på nettsida til Valdresmusea for nærare informasjon.

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: