Julemøte i Valdresrådet

Vang var vertskap for det årlege julemøtet i Valdresrådet. Handlingplan 2017, forslag til ny organisering, breiband og nye websider var blant postane som vart debattert.

Kreativ sjef i VNK, Henning Wangsnes, fortalte engasjert om arbeidet med dei nye nettsidene. – I 2014 starta me på arbeidet i lag med Valdres Destinasjon – no  Visit Valdres. Sidene skulle eigentleg vore ferdige for eitt år sidan, men på grunn av at informasjonsarbeidet med kommunereforma vart lagt til oss, fekk me utsett arbeidet med ferdigstilling av prosjektet. Målsettinga har heile tida vore å laga sider som gjer det enkelt for brukarane å finne informasjon, og at me i lag kan drive merkevarebygging og kommunikasjon med ei Valdresstemme. Sidene vil stadig bli utvikla med meir bruk av film, «Hytte i Valdres» skal inn med eigne undersider og me arbeider med å plassere ut infoskjermar på sentrale plassar i Valdres, sa han vidare, og fekk applaus for vyane og arbeidet så langt.

Handlingsplan for 2017

- Måling av oppnådde resultat er viktig. Kva får me ut av dei 14 millionane som årleg blir brukt? Kva utslag gjer dette for merkevarebygginga av Valdres? Arne Lambech opna debatten om handlingsplanen. Andre meinte at natur- og kulturparken hadde for mange fokusområde, og at det måtte til meir spissing av arbeidet. - Me skal selja ein heil region, og må ha ei viss breidde i arbeidet, svara Eivind Brenna til det.

Dagleg leiar Jørand Ødegård Lunde kunne elles koma med gladmeldinga om at 300 000 kroner kunne plussast på budsjettet. – Sparebankstiftlesen gav nyleg dette beløpet til tre varmebuer i løypenettet vårt, sa ho. Med dette tillegget var handlingsplanen for neste år vedteken. Dokumentet kan lesast her.

Organisering

Sjølv om saka om ny organisering ikkje stod på sakskartet, skapte ho det sterkaste engasjementet. Valdresrådet har til no vore samansett tolv politikarar, ti frå næringslivet (Visit Valdres) og to frå Oppland fylkeskommune. Kven dette er kan du sjå her – organisering av VNK. Etter at denne modellen har fungert i snart ti år, er eit forslag til ny organisering no ute på høyring. Hovudendringa i dei ulike forslaga til organisering, er at næringslivet misser plassane dei har i dag. I framtida er forslaget at deltaking i Valdresråd og styre skal bygge på partnarskapsavtalar.

– De undervurderer kva Visit Valdres er for noko. Dette er eit dramatisk forslag, de sparkar beina av oss. Det er viktig for Valdres å ha oss med i det jamne arbeidet framover. Eg tilrår at de i det minste går for malen som Vang vedtok i går (at Visit Valdres får med to representantar i styret under utviklingssaker), var ei av kraftsalvene frå Magne Kampen.

Han fekk svar frå fleire, mellom andre Kjell Berge Melbybråten. – Dette er inga katastrofe. No skal nytt hus byggast, eit hus me skal fylle dei komande år. Forslaget er ei forenkling samstundes som det er ein signaleffekt om at me ynskje å ha med fleire i arbeidet gjennom partnarskapsavtalar, avrunda han debatten med.

Rådsleiar Inger Torun Klosbøle takka staben i VNK for god innsats gjennom året, og overrekte blomster til Jørand Ødegård Lunde. Referat frå møtet med diverse vedlegg kan lesast her.

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: