Lokalmatprodusentane samlar seg

Sentrale personar: Frå venstre prosjektleiar Ragnhild Mobæk og sonen Birger, Guri Grønolen, representant for fylkesmannen i Oppland og Henning Wangsnes i Valdres Natur- og Kulturpark. Foto: Nils RognMåndag 25. april blir det kalla inn til informasjons- og stiftingsmøte i ”Mat frå Valdres”, ein organisasjon der alle som produserer lokale matvarer kan bli med. Formålet er å samarbeide om sal, distribusjon og marknadsføring.

- Valdreskvalitet SA har gjennomført ein forstudie som eg har hatt prosjektansvaret for, seier Ragnhild Mobæk. - Her deltok fleire lokalmatprodusentar, Fylkesmannen i Oppland og Valdres Natur- og Kulturpark. Det kom fram eit behov om å samle ressursane for å prøve og auke salet av alle dei gode matprodukta me har. Rørosmat og Gudbrandsdalsmat har hatt stor suksess, og tida er overmoden for å prøve noko liknande her, meiner ho. 

Felles lager

- Innovasjon Norge har støtta oss i innleiingsfasen, og vil gjerne vera med vidare. Det krev at me organiserer oss. Planen er å leie eit egna lokale med lager- og kjøleromkapasitet, der produkta blir pakka og merka for vidare distribusjon, seier Ragnhild Mobæk. Tanken er at ”Mat frå Valdres” skal lønne ein til to personar på deltid for å ta seg av apparatet med produsentkontakt, sal av matprodukta, ordne med distribusjon og drive marknadsføring. 

Forretningsidé

– Til møtet komande måndag vil me presentere ein konkret forretningsidé, ha forslag på andelskostnad og nivå på salsprovisjon for dei som vil delta i organisasjonen og presentere eit aktuelt lagerlokale. Me vil også legge fram opplegg for transport av produkta, fortel Mobæk.

Avgjerande

Som tidlegare nemnt er andre regionar komne langt med å organisere lokalmatprodusentane sine. Mobæk håpar difor på godt frammøte komande måndag, og at ein samlar seg under eit felles Valdres-merke. – Det vil på mange måtar vera avgjerande for matprodusentane og produktet ”Mat frå Valdres” at me lykkast med dette no, avsluttar ho.

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: