Frigjeringsdagen 8. mai
13. juni 2016
På denne dagen i 1945 kom freden til landet vårt, i 2016 kom sommaren. Det vart ei solfylt og varm ramme rundt markeringa av dagen, som samla bortimot femti til arrangementet på Valdres Folkemuseum.
Etter at markeringa av frigjeringsdagen også har blitt ein dag for alle veteranar som har vore ute i ulike oppdrag, har dagen fått større merksemd. Det tek til å tynnast i rekkene av folk som var med i andre verdskrigen, men i åra etter, var mange valdrisar med i Tysklandsbrigaden og i internasjonale operasjonar i regi både av Nato og FN. Mange av desse møtte fram, nokre i uniform.
Markering i Bagn og på Leira
Markeringa starta ved bautaen på Vangen i Bagn. Her la ordførar Kåre Helland ned ein bukett. Deretter var det ordførar Eivind Brenna som hadde same oppdraget ved minnesmerket for veteranar frå Valdres i internasjonale operasjonar på Leira. Han la i si tale vekt på bidraget desse veteranane har hatt i å sikre freden.
Museet
På Valdres folkemuseum var det ordførar Kjell Berge Melbybråten som la ned krans. Ved sida av krigsminnemerket utanfor administrasjonsbygget, stod Erik Onstad og Per Kristian Skaran æresvakter under seremonien. Berge Melbybråten kom i si tale inn på alle valdrisar som hadde falle i kampane i Valdres og i andre krigar for fred og fridom. – I takksemd for deira kamp og i medkjensle for dei som mista sine næraste avslutta han med tre vers av salmen ”Alltid freidig”.
Politisk styrt
Dei to æresvaktene fortalde etterpå at det var tre organisasjonar som stod for minnemarkeringane; Valdres forsvarsforening, Norges reserveoffisersforbund, avdeling Valdres og den organisasjonen dei tilhøyrde, Heimevernet HV-05. Dei uttrykte stor glede over frammøtet. – Før var det ei lita handfull som møtte opp, men etter at politikarane tok tak i styringa av minnemarkeringa, er det no mange som kjem og tek del, sa dei. Alle ordførarane var til stade, og programmet var koordinert gjennom Valdres Natur- og Kulturpark.
Film
Markeringa vart avslutta med eit arrangement på Slidrehuset. Etter kaffe og kake viste Kristian Bergsund film om krigshandlingane i Sør-Aurdal, ein film som han var med og laga tilbake i 1989. Her var særleg kampane ved Bagnsbergatn og Gråbeinhølet visualisert, med eit stort tal statistar i autentiske uniformer frå Norge og Tyskland. To liter okseblod hadde også gått med, fortalde Bergsund.
Dette er krigshistorie det er vanskeleg å fatte i dagens fredelege Valdres, men det er viktige hendingar i historia vår. For etterkrigsgenerasjonen og dei som veks opp i dag, var filmen ei viktig påminning om den brutale verkelegheita ein krig kan vera. Mange fall i kampane, også sivile, og gardar vart brende ned med heile buskapen i hus. Filmen bør vera obligatorisk i all undervising om den lokale historia vår.
Freding av Bagnsbergatn
Riksantikvar Jørn Holme var spesielt invitert til dagen for å prate om fredinga av Bagnsbergatn. Han starta med å takke Kristian Bergsund for innsatsen han har lagt ned med filmen og for krigshistoria i Valdres generelt. – Eg vart rørt. Utan deg, Kristian, ville ikkje denne viktige historia vore sikra for ettertida. Ein av mine arbeidsområde er å sikre spor og minne etter andre verdskrigen, sa han.
- Å sikre og frede kulturminne betyr at det me vil kalle ukultur som krig og brutalitet, også må takast med. Bagnsbergatn er kanskje den plassen i Norge som best fortel om det som skjedde – utanom dei store slaga, sa han vidare. Prosessen med å få freda Bagnsbergatn var godt gang, fortalde han. – Ikkje minst er det gledeleg å ha ein så samarbeidsvillig eigar av garden, og eit museum som stiller opp. Både eigar, kommune og fylket er alle positive, og eg gler meg til å koma attende for å fullføre fredinga, avslutta han.
Minnemedaljar
Arrangementet vart avslutta med utdeling av minnemedaljar til fire valdrisar som deltok i motstandskampen under 2. verdskrig. Desse var Marie Kjelstad, født Midthus, Ingar Hovrud, Rolf Tidemandsen og Åge Hovengen.