Ballett - nytt tilbod på Sommersymfonien?
30. juni 2016
Måndag orienterte systrene Siri Johansen og Irene Jansson frå Den Norske Ballettskole om eit mogeleg nytt tilbod under Sommersymfonien. Tanken er å skape eit tilbod til unge ballett-talent frå heile landet, med det ypparste av pedagogar som instruktørar.
Frå Sommersymfonien deltok direktør Alf Richard Kraggerud og kunstnarisk leiar Mona Kleven Hagen, og frå Nord-Aurdal kommune ordførar og regionleiar Inger Torun Klosbøle og kommunalsjef for oppvekst og kultur, Anna-Merete Brusletten. Valdres Natur- og Kulturpark deltok også.
Frå Hemsedal til Valdres
Ballettskolen har dei siste fire åra hatt eit sommartilbod i Hemsedal, der 50-70 unge ballettdansarar har delteke. Dette har vore eit vellykka og godt tilbod, men også ressurs- og kostnadskrevjande. No var dei på utkikk etter nye samarbeidspartar, og då fall blikket på Sommersymfonien og Valdres. Ein perfekt ”match” ifølgje dei to systrene som står bak ballettskolen.
Utvikling av lokale talent
Kraggerud var glad for ballettinitiativet, og drog parallellar til Sommersymfonien og utvikling av talent, ikkje minst våre lokale Hemsingjenter og Guro Kleven Hagen. Han rosa samarbeidet med Nord-Aurdal kommune som eigar og drivar av festivalen. – Det har aldri vore snakk om å flytte, og eg vart svært stolt når me i vår fekk heidersutmerkinga Valdresambassadør. Det er i Valdres det føregår, meinte han.
Samlande miljø
Sommersymfonien har i løpet av desse 23 åra lykkast med å samle musikk-Norge ved at alle i miljøet støttar opp om festivalen. Budsjettet ligg no på rundt seks millionar, og Kraggerud meinte det ville vera lettare for ballettskolen å skaffe sponsorar og pengestøtte om dei vart ein del av Sommersymfonien.
Siri Johansen og Irene Jansson var også opptekne av å få til eit samlande miljø for sin kunstart, og håpa at det alt neste år kunne bli eit tilbod under Sommersymfonien. Etter møtet skulle dei ut å kikke på aktuelle lokalitetar, blant anna stod Valdres Storhall på planen. Eit samarbeid med Frikar og folkedansmiljøet var også noko dei var opne for.
Pengestøtte
I planleggingsfasen hadde dei fått 200 000 kroner frå Sparebankstiftelsen til innkjøp av dansematter, barrar og speglar. Dei var dessutan i dialog med Norske Talent AS som gjev støtte til talentklynger og samarbeidsprosjekt. – Me er avhengige av støtte frå dei for at deltaking på kursa ikkje blir for dyrt, sa dei.
Profesjonell støttespelar
Med på laget har Ballettskolen ukrainaren Vadim Pisarev, ”Dancer of the year” i 1995 og tidlegare solist ved Bolsjoj teateret. – Vadim er vår kunstnariske støttespelar, og har blitt ein del av familien. Han har forelska seg i Norge – landet der du kan ”drink and swim in the same water” som han seier. Han var med oss alle dei fire fantastiske åra me hadde i Hemsedal, og har laga ein heilaftans ballett over Peer Gynt, fortel dei to.
Avklaring i august
Alle dei tre partane som deltok på møtet, var positive til eit ballettilbod i Valdres, og håpa det kunne la seg gjennomføre. Etter sonderingane denne veka, vil Ballettskolen arbeide fram eit konsept som alt neste år kan realiserast. – Me kjem attende til Valdres 9. august for å presentere eit konkret opplegg, og håpar då å møte region, kommune, turistansvarleg i tillegg til Sommersymfonien, seier Siri Johansen og Irene Jansson.
Les om Den Norske Ballettskole her.