Valdres og Hallingdal på lag om regionreform og regionalmelding

Regionleiarane Inger Torun Klosbøle og Oddvar Grøthe (i midten) flankert av regionale politikarar og administrasjon.Regionstyret i Valdres og Regionrådet for Hallingdal møttest på Storefjell den 29. juni, for å drøfte felles mogelegheiter i samband med den nye regionreforma.

Politikarane drøfta ulike regioninndelingar, utan at det vart konkludert. Valdres og Hallingdal har mange like moglegheiter og utfordringar. Politikarane er samstemte om å gje felles innspel inn mot ei ny regionreform. Valdres og Hallingdal har klare føresetnadar for å vera sterke regionar i framtida, om det  blir lagt til rette for ein differensiert regionalpolitikk. Verken Valdres eller Hallingdal har byar som er naturlege motorar for vekst i regionane, og må bygge vidare på eigne fortrinn.

Valdres og Hallingdal er sterke reiselivsregionar med eit levande landbruk, der det er gode føresetnadar for vidare vekst, ved bevisst og målretta innsats. Regionane har ei geografisk plassering og naturgjevne fortrinn, som gjer at dei er naturlege rekreasjonsområde for dei folketunge områda i landet.

Regionane ser det som avgjerande å utvikle eksisterande og nye næringar, der ungdom er ei viktig målgruppe. Det grøne skiftet er viktig for Norge, og våre regionar vil vera viktige bidragsytarar på t.d. bioøkonomi. 

Regionstyret i Valdres og Regionrådet for Hallingdal er einige om å samarbeide for å påverke sentrale styresmakter i val av framtidige løysingar for regionane.

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: