For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

EN

NO

DE

Ny medarbeidar i hytteprosjektet

26. August 2016

Svein Erik Ski til venstre, overlet hytteprosjektet til Fredrik Holte Breien. Foto: Nils Rogn

Denne veka har ein ny medarbeidar dukka opp i Valdres Natur- og Kulturpark. Fredrik Holte Breien heiter han, og arbeidsoppgåva hans blir fyrst og fremst å arbeide med ”Hytteprosjektet”.

Det var i 2015 at Valdres Natur- og Kulturpark og Valdres Næringshage fekk tilsegn på 2 350 00 kroner frå  Oppland fylkeskommune og Kommunal- og moderniseringsdepartementet til prosjektet ”Fjell-Norges verdiskapingssenter for hytteturisme”. Svein Erik Ski hadde oppgåva med å starte prosjektet, men han har no gått attende til anna hytteengasjement i sin tidlegare jobb i Vaset Utbyggingsselskap AS.

Allsidig bakgrunn

Fredrik Holte Breien som no tek over, kjem opphavleg frå Hamar.  No bur han på sjette året på slektsgarden til kona, Breien i Fjellsbygda i Etnedal. Fredrik er utdanna i ressursøkonomi og planlegging frå Ås, og han har tidlegare jobba som skogbrukssjef i Øystre Slidre. I Nordre Land har han arbeidd med gardskart på internett, og han har jobba som skog og eigedomssjef i Kistefos Skogtjenester AS.  

Det siste året har han vore leiar av Etnedal frivillighetssentral. I tillegg har han eit par års tid drive eit eige firma med dronefotografering og filming. Her tek han alle typar jobbar, frå reine fotooppdrag til meir avansert ressursregistrering og å framstille 3D-modellar av freda bygg og område. Fredrik er 36 år, og saman med kona Inger Toril har han to born i skulealder.

Hytteprosjektet

I to års tid framover, blir det no ei halv stilling med å konkretisere innhaldet i ”Hytteprosjektet”. Tanken bak prosjektet er at dei vel 18 000 hyttene i Valdres utgjer ein stor ressurs som gjev auka verdiskaping i regionen. Arbeidet skal i fyrste rekkje rettast mot tre definerte verdiskapingsområde – bedriftsutvikling, samfunnsplanlegging og hytte- og fritidsbustadeigaren som ressurs.

Gjennom prosjektet tenkjer ein at Valdres som hytte- og fjellområde, kan fungere som eit kunnskapssenter for hytteturisme i liknande område. Valdres vil slik vera ein utviklingsarena, men kunnskapen vil vera nasjonal. 

Organisering

Med seg i prosjektet har Fredrik Holte Breien ei arbeidsgruppe og ei styringsgruppe. I arbeidsgruppa er det med to frå kvar prosjekteigar, Hilde Tveiten Døvre og Karianne Borchgrevink frå VNH, og Jørand Ødegård Lunde og Aslag Hamre frå VNK. I styringsgruppa sit Magne Kampen og Bente Kristin Anti frå VNK-styret og Cathrine Dokken og Marit Sæbu frå VNH-styret. I tillegg er det med ein ordførar – Eivind Brenna.

Dei tre verdiskapingsområda

Valdres Næringshage har hovudansvaret for området bedriftsutvikling. Eksisterande og nye nettverk blir viktige her. Fram til no har det blitt jobba godt med ”hyttemessenettverket”, som er ute og profilerer Valdres og eigne bedrifter på hyttemessene. Å skape gode møteplassar er eit anna område å ta tak i. Kurs og kompetanseheving, promotering av ”hyttebedrifter” på ei lokal hyttemesse og utvikling av hytteportal på nett er andre arbeidsområde.

Området samfunnsplanlegging/-tilrettelegging blir hovudansvaret til Holte Breien. Her er det tanken å plukke ut eit område i kvar kommune, der konkrete tiltak med omsyn til landskapspleie skal gjennomførast. Opne og attraktive hytteområdet er eit mål, men det er eit faktum at hytteområda gror att. Mekanisk rydding og rydding ved hjelp av ulike beitedyr skal utprøvast. Også fokus på nettilgang for hytte-/fritidsbustadane ligg innafor dette området.

Det siste verdiskapingsområdet – hytteeigaren som ressurs – har blant anna som mål å opprette eit register over alle hytteeigarar. Blant alle desse finst mange ressurspersonar, som på ulikt vis kan involverast og inkluderast i lokalsamfunna. Her blir Valdres Hytteforum ein viktig samarbeidspart. 

Søk overnatting

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk hva skjer

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:
Datoer

Søk mat og drikke

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk overnatting

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:
visitvaldres