Landbruksdag for små og store

Laurdag 10. september stiller landbruket i Valdres opp og presenterer seg på Valdres Folkemuseum. Den årleg landbruksdagen er ein møteplass der bygdefolk og tilreisande kan oppleve det beste landbruket i Valdres har å by på.

Det er i år tolvte gongen landbruksdagen blir arrangert på museet. Meir enn 1 000 besøkande nyttar årleg dette høvet til å bli nærare kjent med primærnæringa i Valdres. Magnhild Strand i Valdres landbruksrådgjeving er koordinator for dagen. Ho har programmet klart, og kan fortelja at skog, tre og klima er tema i år. Det betyr blant anna at ei hogstmaskin frå Valdres Skogavvirkning blir å sjå, og Valle vidaregåande skule har med ein hogstmaskinsimulator som interesserte kan få prøve.

Auksjon

Auksjon har det aldri vore på landbruksdagen før, men det blir det i år! Det blir ikkje ein tradisjonell gjenstandsauksjon, men tre opplevingar som publikum kan by på. Guri Grønolen frå Fylkesmannen i Oppland/Valdres Natur- og Kulturpark, fortel at hovudopplevinga blir ein flytur over Valdres. Tre personar kan bli med i flyet. Som oppleving nummer to og tre, kan ein by på deltaking på sauedagen på Grønolen fjellgard med inkludert fårikålmiddag og ein valfri dag for gardsopplevingar på Valstad 4H-gard i Rogne.

Familievenleg arrangement

- Arrangementet vil appellere til familiar med små ungar.  Alle som har med borna på hytta den helga bør legge inn eit besøk, meiner Guri. Her nemner ho spesielt alle dyra som ein kjem i kontakt med. Det blir hestekøyring, gjetarhundoppvising, kalvemønstring og fesjå med mange kyr. – Og så blir det muleg å hoppe i høyet, køyre trøtraktor og kikke på små og store motoriserte traktorar. Dessutan har 4H fleire konkurransar og aktivitetar.

Partering av slakt

Mange kjøper seg halve og heile lammeslakt om hausten, men kunnskapen om korrekt oppdeling kan vera mangelfull. Det blir difor vist partering av lam i Slidrehuset. For vedhoggarar og andre motorsagbrukarar, viser Valdres bygdeungdomslag korleis ei slik sag skal brukast. Elles blir Landbruksprisen for Valdres delt ut, og musikk blir det både frå ei toradergruppe og rockarane i Måndag. Denne lokale gruppa nyttar valdresdialekta i sine tekstar.

Lokal mat

Og den som trur at dette var heile programmet, blir nok overraska når dei kjem innom portane på museet. Nok å nemne her, er alle dei gode lokale matvarene som produsentar frå heile Valdres har tilverka frå fyrsteklasses råvarer.

Les PROGRAMMET her

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: