Fokus på Stamvegen E16

Dei som var med til Hole: 1. rekkje frå venstre: Elisabeth Klever (varaordførar Hole), Eirik Haga (ordførar Vaksdal), Vidar Eltun (ordførar Vang og stamvegleiar), Ole A. Lilloe-Olsen (gruppeleiar Bærum) og Inger Torun Klosbøle (ordførar Nord-Aurdal). 2. rekkje frå venstre: Guttorm Tysnes (NLF, regionsjef HedOpp), Per R. Berger (ordførar Hole), Even Aleksander Hagen (fylkesordførar Oppland), Torleif Foss (rådgjevar NLF), Trine Hansebakken (varaordførar Sør-Aurdal), Arne Bang (sekretær Stamvegutvalget), Cato Løkken (Statens vegvesen Region Øst), Jørand Ødegård Lunde (dagleg leiar VNK), Trond Øyen Einemo (varaordførar Lærdal), Nils Aage Jegstad (stortingsrepresentant) og Jan Geir Solheim (ordførar Lærdal). I alt deltok bortimot 40 på synfaringa, fire av desse var stortingsrepresentantar. (Anne Tingelstad Wøien, Helge Orten og Magne Rommetveit i tillegg til Nils Aage Jegstad på bildet).

Bergen var torsdag utgangspunktet for ei synfaring og ein gjennomgang av pågåande og komande prosjekt langs Stamvegen E16. Kvart fjerde år gjennomfører Stamvegutvalget ei slik synfaring over to dagar.

I Bergen vart forsamlinga helsa velkommen til byen av ordførar Marte Persen. I toppetasjen av rådhuset var det gode høve til eit overblikk over byen, men denne gongen var det E16 gruppa av stamvegforkjemparar skulle skaffe seg eit overblikk over.  Persen kunne glede seg over ein flott sumar, med nedbørsrekordar både i juli og august. Eit gløtt ut av glaset gav grunn for optimisme for september også!

Ordførarmøte i Bergen: Vidar Eltun og Marte Persen.
Ordførarmøte i Bergen: Vidar Eltun og Marte Persen.

Historikk

Stamvegutvalget omfattar 16 kommunar og tre fylkeskommunar, og Vidar Eltun er leiar for dei 19 representantane. Utvalet vart oppretta alt i 1984, og arbeidet har heile tida vore retta mot å få myndigheitene til å følgje opp stamvegvedtaket i Stortinget frå 1975. Så langt har ein hausta mange gode prosjekt langs vegen.

Tunnelstrekningar

Frå Bergen til Voss gjekk bussen stadig ut og inn av tunnelar, med gode orienteringar frå blant andre ordførar i Vaksdal, Eirik Haga. Rasutsette plassar var det nok av, og ras hadde det også vore fleire av. Heldigvis utan tap av menneskeliv så langt. For framtida fanst gode planar som skulle sikre bilistane betre, og samtidig gje ein raskare tur langs vegen.,   

Framlegging av KVU


Ordførar på Voss, Hans Erik Ringkjøb, orienterer om vegprosjekt i sin kommune.

På Voss orienterte ordførar Hans Erik Ringkjøb om utfordringar i sin kommune, før forsamlinga gjekk over vegen til Fleischer hotell og framlegging av KVU om val av riksveg nummer to i aust-vest sambandet, Rv52 gjennom Hemsedal eller Rv7 over Hardangervidda. E134 over Haukeli er alt valt som det sørlege alternativet. Her skulle naturlegvis E16 vore med som eit alternativ, men Statens vegvesen hadde ikkje fått det mandatet. 

Morten Ask prøvde å grunngje Statens vegvesen sitt val av Rv52 som den vegen som sikra best framkomelegheit, hadde den kortaste reisetida og også dei lågaste transportkostnadene. Dette hausta både glede og sterk misnøye i den store forsamlinga som hadde møtt fram. Det blir no opp til Stamvegutvalget og andre vegforkjemparar å legge inn gode ord og argument for dei andre vegane, før Stortinget gjer sitt endelege val. Ordførarane i Valdres var i alle fall samstemte om at den mest vintersikre og snart ferdigbygde vegen over Filefjell burde vore med – som det beste alternativet.

Voss-Filefjell

Turen gjekk så raskt vidare til Lærdal og Filefjell. Det var mange imponerande veganlegg å sjå både gjennom Aurland og Lærdalen, med ordførar Noralv Distad (Aurland) og varaorførar Trond Øyen Einemo (Lærdal) som stolte vegvisarar. Vel oppe på Filefjell var vegbanen om mogleg enno meir imponerande. Her skal det meste av vegen i dagen vera ferdig før snøen kjem, medan den nesten seks kilometer lange tunnelen frå Tyinkrysset til Kyrkjestølen skal ferdigstillast neste år. 

Varaordførar i Lærdal, Trond Øyen Einemo og ordførar i Vang, Vidar Eltun.
Varaordførar i Lærdal, Trond Øyen Einemo og ordførar i Vang, Vidar Eltun.

Vintersikker veg

På Tyinkrysset svinga sjåfør Kristoffer Kvame bussen innom anleggskontoret for påfyll av ein matbit og orientering om Filefjellprosjektet og den nyleg oppstarta utbygginga nedi Øye. Prosjektleiar Odd Erik Haugen gav ein grundig og god gjennomgang av den to mil lange strekninga frå Varpe bru til Smedalsosen, ei utbygging som er kostnadsrekna til 1,6 milliardar kroner.- Dette blir den sikraste vintervegen mellom aust og vest. Det er sett opp uverslys langs heile den nye traseen, vegbanen er heva og det er laga breie fresefelt. Dessutan er det lagt vekt på god landskapstilpassing og naturleg attgroing mot vegen, fortalde han. Han rosa også utbyggaren, Hæhre Entreprenør AS for god drift. – Det me avtalar, det skjer, sa han.


Prosjeketleiar på Filefjell, Odd Erik Haugen, orienterer.

Austerriskse vegbyggarar

Også utbygginga lenger nede i dalen vart omtala. Strekninga Øye S – Eidsbru er nyleg sett i gang med austerriksk entreprenør, Strabag AG. – Dette blir veldig spennande for oss. Det er fyrste gongen dette selskapet bygger veg i Noreg, og dei vil nok prøve å gjera ein god jobb for å koma seg inn på marknaden her. Selskapet er det største i Europa med over 70 000 tilsette. Veganlegget som er kostnadsrekna til rundt 700 millionar, ville dei bygge ut for 440 millionar. Dermed hadde det ligge godt til rette til å ta med dei 3,2 kilometrane ned til Turtnes i same prosjektet. Her bør politikarane evne å sjå at den store gevinsten i bruk av overskotsmasse, og anleggsutstyr som alt er på plass. Og totalkostnaden vil uansett ligge under dei 700 millionane som alt er avsett, sa Haugen til slutt.

Fagernes S-Hande

Med ordførar og stamvegleiar Vidar Eltun bak mikrofonen, gjekk ferda vidare gjennom Vang. Ved slidregrensa overtok varaordføraren der, Haldor Ødegård. Det er mangt som må gjerast med vegen også i Vestre Slidre, men viktigast er det å få inn att det store prosjektet Fagernes S – Hande i NTPen. Det kom også ordførar i Nord-Aurdal, Inger Torun Klosbøle, inn på dagen etter, då synfaringa fortsette innover mot Sandvika.


Ordførar i Nord-Aurdal, Inger Torun Klosbøle.

- Det er ikkje mogeleg å utvikle E16 der han ligg i dag, og saman med Vestre Slidre har me skote inn ein million kroner til planlegging av ei løysing forbi Fagernes. Det blir tunnel sør for Fagernes til Spikarmoen, veg i dagen opp til Holdalsfoss og tunnel derifrå gjennom åsen til Hande, forklara ho. – Etter ei utbygging ved Kvamskleive, har dette fyrste prioritet for oss i Valdres, og må inn att i NTP. Viss ikkje kjem utviklinga i regionsenteret til å stå på vent i tretti år, minst, la ho til.

E16 femner flest trafikantar

Før avgang frå Fagernes, gav dagleg leiar i Visit Valdres, Erik Engelien, ei oppsummering av situasjonen slik han oppfatta den. Han greip særleg fatt i samanlikningstal for døgntrafikken som har vore brukt til fordel for Hemsedal/Hardangervidda. – Å samanlikne Begnadalen med Flå i Hallingdal blir feil. Me må få med trafikken til Rv33 frå Mjøsområdet, og då viser teljinga ved Leira eit snitt på 7622 ÅDT (årsdøgntrafikk) fyrste halvår i år. Dette er 66 prosent meir enn ved Flå og 40 prosent meir enn på E6 ved Otta. Då blir det feil å ikkje ta med E16 i vurderinga når Statens vegvesen skal tilrå vegsamband vestover, sa Engelien. Han påpeikte elles det faktum at Fagernes har langt større trafikk enn Gol, som KVUen løftar fram som viktigaste punkt å starte med for Rv52.


Erik Engelien.

Sør-Aurdal – Hole

Ved Klosbøle der tunnelen ned til Bagn skal starte, var aktiviteten stor no. Ordførar Inger Torun Klosbøle bur midt i anleggsområdet, men var svært glad for at arbeidet var i gang. Tunnelen skal stå ferdig i 2019. Her ved kommunegrensa til Sør-Aurdal, overtok varaordførar Trine Hansebakken mikrofonen, og guida godt gjennom Begnadalen heilt ut til Ringerike der Per. R. Berger overtok. Han er ordførar i Hole og dekka begge dei kommunane, både med kulturhistorisk stoff og aktuelle vegsaker.


Vegorientering i Hole herredshus.

Sandvika siste stopp

Siste stopp var i Hole herredshus. Her gjekk Berger gjennom aktuelle store samferdsleprosjekt i Ringerike og Hole, E16 frå Hensmoen til Eggemoen og strekninga Hønefoss-Skaret over Kroksundet og parallelt med dette, Ringeriksbanen. Ole Andreas Lilloe-Olsen frå Bærum, gjorde greie for planane frå Skaret mot Sandvika. Den mest påkosta og trafikkerte strekninga mellom Sandvika og Wøyen vil koste ca. 4 milliardar kroner. Dei 3,5 kilometrane skal byggast som ein firefelts motorveg, og synfaringa inn til Sandvika viste litt av utfordingane. Trafikken skal avviklast parallelt med utbygginga, og her går det godt over 30 000 bilar i døgnet.

Ein nyttig og lærerik tur, var oppsummeringa til dei som var med bussen heim til Valdres. 

Dyktig sjåfør på synfaringa, Kristoffer Kvame.
Dyktig og kunnskapsrik sjåfør på synfaringa, Kristoffer Kvame.

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: