Ny web-redaktør i Valdres Natur- og Kulturpark

Lene Hovi blir ny web redaktør i Valdres Natur- og Kulturpark. Når vi spør ho kvifor ho takka ja til stillinga seier ho:

"Det kjem vel sigande med alderen. Aukande behov for frisk luft og mindre kalka vatn i springen. Kortreist rakfisk. Stølsliv og spelemenn. Armslag og kortare køar. I dei seinare åra har eg sakna mykje av det eg vaks opp med i Valdres, men det var langt mellom dei gode stillingsutlysningane.

No blir eg ein del av VNK og får lov til å jobbe med formidling av alt dette som til slutt fekk meg til å pakke snippsekken og dra heimatt.

Eg håpar å bidra til at navnet og varemerket Valdres kiler varmande i ryggraden til ei aukande mengd mottakarar. Både inn- og utflytta, turistar og den gjengse valdris. Eg gler meg!"

Lene vil vera på plass i kontorfellesskapet i Skrautvålvegen frå 1.mai. Lene har med seg ein brei erfaring både frå NRK og den trykte pressa. Hennar kompetanse vil vera med på å utvikle Valdres vidare.

Velkomen med på laget!

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: