Myhre Gård fekk bedriftsutviklingspris for Oppland

På bildet ser vi fra venstre: direktør i Innovasjon Norge Innlandet Christian Hedløv Engh, Vemund Skaret og Grete Hedalen fra Myhre gård og varaordfører i Øystre Slidre, Marit Synnøve Opheim Østli. Foto: Innovasjon Norge

Årets Bedriftsutviklingspris i landbruket for Oppland er tildelt Grete Hedalen og Vemund Skaret. Prisen på 50 000 kroner vart delt ut av direktør i Innovasjon Norge Innlandet, Christian Hedløv Engh på garden Myhre i Skammestein i Øystre Slidre, onsdag 11. oktober.

Motiverar til vidare satsing

- Det er veldig hyggelig å få denne oppmerksemda utanifrå. Vi har fått mange godord frå både turistar og andre besøkande, men det er sjølvsagt óg stor stas at instansar som Innovasjon Norge både ser og anerkjenner den jobben vi legg ned i dette, seier Grete Hedalen.

Tildelinga er sammensett av fleire faktorar, blant anna samarbeid med lokale ressursar og nytenkning.

- Vi hadde ikkje vore der vi er i dag utan gode samarbeidspartnarar og lokale krefter. Det er mykje nyttig dialog og erfaringsutveksling mellom oss som driv på denne måten her i Valdres. Når vi no er godt i gang med å byggje selskapslokale, utvide ridehallen og etablere kennel, så er dette med trua på at både fastbuande og tilreisande kjem eit utvida tilbod godt i møte, seier Hedalen.

Takkar familien

I dei mest hektiske periodane er støttespelarar som nær familie òg god å ha.

- Familiane våre stiller opp dag og natt for at vi skal ha energi til å være kreative og spinne vidare på idéane våre. Det hadde stoppa opp ganske fort utan dei, ler Hedalen.

Ho takkar òg for alle gratulasjonar og fine ord som har kome etter at det vart kjend at dei mottok prisen.

- Vi er veldig blide og glade i dag, men vi har mykje å gjera - så vi rekk ikkje å feire så altfor lenge, avsluttar Hedalen.

Går vidare til nasjonal kåring

Innovasjon Norge deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket (tidlegare Bygdeutviklingsprisen). Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Vinnarane deltek vidare i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 250 000 kroner.

Vinnarane av bedriftsutviklingsprisen er bedrifter eller personar med næringsverksemd i basis i landbrukets og bygdenes ressursar. Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriterier:

Bærekraft, her under
- Økonomisk resultat/lønsemd
- Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
Miljømessig som utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp
Innovasjon/nyskaping

Juryens vurdering

"Myhre gård er et godt supplement til allerede etablerte aktivitetstilbud på Beitostølen. Rideleirer og rideopplæring er meget populært hos mange kundegrupper. Utvidelse med oppstalling av hunder, tilbud om selskapslokale, servering og overnatting styrker konkurransekraften deres. 

Gården har et bredt og kompletterende tilbud. Grete Hedalen og Vemund Skaret har vist en imponerende evne til å utvikle og kombinere sine produkter i å utnytte gårdens ressursgrunnlag. Det er utviklet et godt samarbeid med andre aktivitetsbedrifter gjennom Enjoy Beito", står det på Innovasjon Norge sine nettsider

Les heile vurderinga og saken på Innovasjon Norge her

Tekst: Lene Hovi

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: