Festivalstrategi vedteken

Festivalstrategien for Valdres 2017-2018 vart vedteke på styremøte 8. februar. Strategien er skjerpa inn i høve til storleik og volum. Det er no krav om tre samanhengande dagar, i strategien frå 2015-16 var det to dagar utan krav om at dei var samanhengande. Samstundes er det enklare å kome inn som hospitant om arrangementet elles oppfyller definisjonane for festival i Valdres. I den førre måtte arrangementet ha to år bak seg, medan det no kan takast opp etter eitt år.

Vidare har festivalane fått ein eigen logovariant av valdreslogoen, - ein festival i Valdres.

Hemsingfestivalen har gått frå hospitant, medan Stølsfestivalen på Vaset er teke opp som hospitant.

Sjå festivalstrategien her

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: