For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

EN

NO

DE

Valdres får Historisk vandrerute

25. Januar 2018

Stølsruta går mellom anna gjennom vakre Jaslangen. (Foto: Svein Erik Ski)

I 2018 er det opna for ti nye historiske vandreruter i Noreg. No er det Stølsruta i Valdres sin tur til å vere med! Tiltaket er støtta av Sparebankstiftelsen DNB, og er i regi av Riksantikvaren og DNT. 

- I Noreg er det foreløpig lagt til rette for sju slike ruter, og når det no er opna for ti nye ruter meiner vi at stølsdrift er eit rett tema, seier Ina Syversen frå Valdres Natur- og Kulturpark og Valdres Friluftsråd.

Les meir om kva Historisk vandrerute er her

- Andre ruter har tema som Flykningeruta, Finnskogrunden, Brudleruta, Telegrafruta, Jacobinerruita med meir. Når det no var ynskje om ei stølsrute var Valdres eit naturleg val. Sidan stølsvidda i Nord-Aurdal og Vestre Slidre no vert definert som nasjonalt verdifullt kulturlandskap var det naturleg å legge ruta hit, seier Syversen.

I Nord-Aurdal har allereie stølsaga skilta deler av ruta over vidda.

DNT-rute

Den DNT-merka stigen går frå Tisleia i Nord-Aurdal til Kvamskleiva og Sørre Hemsing i Vang. Sørre Hemsing har lenge hatt DNT-avtale. Overnattingsbedriftene Hovda, Merket, Nøsen og Syndisstøga ynskjer å kople seg på DNT-nettet. I tillegg vil det vere tilbod om overnatting på Tyrisholt, Matkista og Fikja.

Trond Vatn, nesteleiar i DNT Valdres, er svært fornøyd med at Stølsruta no vert tilrettelagt som eit DNT-tilbod.

- Frå Sørre Hemsing går ruta vidare til Tomashelleren og vandrenettverket i Jotunheimen. Då manglar det berre stubben frå Fønhuskoia til Tisleia for at vi har samanhengande DNT-nett i gjennom heile Valdres. Dette er eit av dei langsiktige måla for DNT Valdres, seier Trond Vatn, DNT Valdres som også er prosjekteigar.

God dialog med stølslaga

Ina Syversen fortel at det er halde møter med involverte stølslag i Vang og Vestre Slidre.

 - Snart skal stølslaga i Nord-Aurdal kome med sine tilbakemeldingar, og so vil vi følgje opp med eit ope møte 7. februar på Fagernes.  Det er sers viktig at dette ikkje vert eit tiltak som er ei belastning, men heller ein moglegheit for dei som driv i området, seier ho. 

Ei rute med levande historie

- Til skilnad frå dei andre historiske rutene er dette ei rute der historia er levande, og det vert difor både meir spanande og meir utfordrande. Dei færraste utanom landbruksbransjen har kunnskapen om stølsdrift, om korleis kulturlandskapet er forma og kva for omsyn vi må ta der det er dyr på beite, samstundes set dei aller fleste pris på å lære meir og take omsyn på beitedyra sine premissar. God informasjon og førehandskunnskap er difor avgjerande, seier Katharina Sparstad som også jobbar med prosjektet i Valdres Natur- og kulturpark.

Gjenstår viktig kartlegging

Mykje av arbeidet vidare blir å kartlegge område som er sårbare og krev ekstra omsyn og informasjon i høve til husdyr og anna dyreliv. Dei ynskjer også finne fram til dei lokale historiene, bedrifter og enkeltpersoner som har noko å bidra med undervegs. Tekst og ruter skal leggjast ut på ut.no, Outtt.com og Riksantikvaren sine sider.

Dette er prosjektplanen som er utarbeida for Stølsruta

For meir informasjon om historiske vandreruter:  http://historiskevandreruter.no/

7. februar vert det halde ope møte for å få fleire innspel på korleis vi kan få det beste ut av denne moglegheiten. Møtet blir i Valdres Næringshage, møterom Gnist, klokka 18:30.

Frå venstre: Kulturminnekonsulent i Valdres Natur- og Kulturpark, Katharina Sparstad og leiar av Valdres Friluftsråd, Ina Syversen, jobbar no for å få den Historiske vandreruta i Valdres lokalt forankra og godt tilrettelagt for alle innvolverte. (Foto: Lene Hovi)

Søk overnatting

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk hva skjer

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:
Datoer

Søk mat og drikke

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk overnatting

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:
visitvaldres