Vesle-Vinje under planlegging

Alle femåringane i barnehagane i Vang var på bookingmøte i lag med Vinjerock onsdag for å planlegge festivalen «Vesle-Vinje». (Foto: Jan Egil Jægersborg)

 – Vesle-Vinje vert som et Vinjerock i miniatyr med konsertar, dans, mat og aktivitetar for kommunen sine aller yngste, fortel festivalsjef for Vinjerock, Julie Forchhammer.

Festivalen er eit samarbeid mellom Vinjerock og barnehagane i Vang. Arena for gratisfestivalen vert Fredheim barnehage og alle ungar i barnehagealder er på invitasjonslista saman med sine foreldre.

Frå AC/DC til Baby shark

Borna sjølv vert viktige i gjennomføringa av festivalen, difor var det skipa til bookingmøte på Kontorfellsskapet 1724 der Vinjerock held hus, onsdag denne veka.

 – Alle femåringane i barnehagen var på plass - dei er bookinggruppa vår og fortalde om kva dei høyrer på og lærte oss nokre dansemoves, fortel Forchhammer.

 Det vert også spelt musikk av ulikt slag som gjengen gav umiddelbar og ærleg tilbakemelding på.

 – Det er ei skikkeleg tøff målgruppe der spennet går frå AC/DC til «Baby shark dance».

For framtida

Ved sidan av å lage ein festdag saman med ungane i barnehagen har Vinjerock nokre langsiktige tankar om kvifor Vesle-Vinje er ei bra greie.

– Det vert ikkje noko Vinjerock utan Vang i ryggen. No er det tretten år sidan festivalen vert starta og vi lyt tenke på kven som arrangerer den om nye tretten år. Kanskje ein av femåringane som var her i dag vert festivalsjef for Vinjerock ein gong? undrar Forchhammer, som sjølv var frivillig på sin fyrste festival som seksåring.

Tekst: Hallgrim Rogn
Fleire nyhende frå Vang i Valdres her

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: