Folkemusikk - utlysning av lokale tilskotsmidlar

Foto: Ingvil Skeie Ljones 

Folkemusikk i notid og framtid  
Utlysing av lokale tilskotsmidlar 2018

Valdres-kommunane forvaltar ein tilskottsordning for produksjon av nye folkemusikk- og folkedansproduksjonar. I 2018 er det 60 000 kroner til fordeling. Midlane blir gjeve til 1—2 produksjonar som produksjonsstøtte og/eller turnéstøtte. Produksjonane skal ha røter i folkemusikk- og folkedanstradisjonane i Valdres og skal inngå i Den kulturelle skulesekken, eller vere retta mot barnehagane.

Send søknad til Valdresmusea: info@valdres.museum.no innan tysdag 1. mai 2018.
Last ned meir informasjon og kriterium for tildeling her eller kontakt oss på telefon: 46920370 eller epost: ks@valdres.no

Her finn du søknadsskjema for 2018

Ordninga er eit samarbeid mellom  Valdres Natur- og Kulturpark, Valdres-kommunane og Valdresmusea AS for å styrke folkemusikken og rekrutteringi Valdres.

Fjorårets tildelingar

I 2017 var det to produksjonar som fekk tilskot via denne ordninga. Valdresspel i Amerika var sett opp på Riksscenen i januar i år, og Sagnet om Hulabaken vart vist på mange skuler her i Valdres.

Sjå eit glimt frå Hulabaken-framsyninga i videoen under:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: