Hallgrim og draumen om juvet

Hallgrim Hansegård har eit heilt spesielt forhold til elva Åbjøra og juvet rundt. I august inviterar han og resten av FRIKAR til ei vill og vakker framsyning der grenser mellom natur, utøvar og publikum viskas av bruset frå elva. (Foto: Lene Hovi)

Fyrste veka i august blir Åbjøra ein vidstrekt arena av lyd, lys, kunst og dans. Då set FRIKAR opp ei vandreframsyning langs juvet, og publikum kan vente seg store opplevingar og overraskingar undervegs. Hallgrim Hansegård har både fanga, forankra og endeleg slept fri ein draum frå tenåra.

Både ekstrem og gjestfri

- Mitt fyrste møte med Åbjøra var då eg gjekk på vidaregåande og vart med nokre kompisar opp hit for hoppe i elva og bade. Eg mista både tid og rom, for elva og juvet inviterte til klatring og leik, fortel Hallgrim Hansegård som er koreograf og kunsterisk leiar for vandreframsyninga "FRIKAR i fossen: Draumefangaren".

Han beskriv Åbjøra som både ekstrem og gjestfri.

- Det er ein sjeldan kombinasjon, eigentleg. Den gjer denne elva, og området rundt, til ein heilt unik plass å utøve spenstig dansekunst samstundes som publikum kan bevege seg rundt og væra trygge. Du kjenner du blir litt leiken når du er her, ikkje sant? ler Hallgrim og får ein tydeleg god energi der han sit og mysar mot sola langs elvekanten.

Hansegård er født og oppvaksen i Valdres, men som ettertrakta koreograf og dansar har han måtta la draumen om Åbjøra liggje og "modnast" i fleire år. No er draumen straks ein realitet.

Lyden av hoggorm

Produksjonen er stor og rommar både samtidsmusikk, innstallasjonskunst og nærare 30 dansarar frå inn- og utland. Dansesjangaren i framsyninga er sprengt, i ordets beste tyding. Her får du breakdance, klassisk ballett, samtids- og folkedans, parkour og nysirkus levert i alle vinklar.

- Den yngste dansaren er 10 år, og den mest kortreiste er her frå Åbjør. Vi set saman lokale talent og internasjonale stjerner i denne framsyinga, og dei får musikalsk fylgje av kjente lydar frå Valdres-naturen, fortel Hansegård mellom ein liten fotosession i bergsprekkane.

Komponist Bjarne Kvinnsland har laga musikken som både blir framført live og delvis ligg som bakteppe langs elva desse kveldane i august.

- Kvinnsland set saman lydar frå naturen til moderne musikk. Her vil du kjenne att ulvehyl, hoggorm som krengar seg gjennom graset, fuglar og krøter, seier Hansegård.

Vil bryte barrierar

FRIKAR og aktørane rundt Draumefangaren har fleire definerte mål med framsyningane i august. Dei vil mellom anna bruke Åbjøra til å bryte ned barrierar mellom kultureliten og dei som brukar og forvaltar naturen til dagleg.

- Eg trur samtidsdans og -musikk blir meir tilgjengeleg for dei som ikkje kjenner til denne sjangeren, når den blir formidla i naturen. Samstundes trur eg at naturen blir tilsvarande tilgjengeleg for eit publikum som vanlegvis får liknande opplevingar servert i Operaen eller Konserthuset, når dei får kjenne på korleis ein levande, organisk arena løftar kunstopplevinga, seier Hansegård.

Under vandreframsyninga kan publikum velge om dei vil ta kvit eller svart løype gjennom juvet. Kvit løype er for alle, den svarte er for dei som vil ha ei litt tøffare oppleving.

Dritvér ingen risiko

- Dette skjer utandørs med fare for regn og vind. Noko ekstra risiko med det, er det ikkje?

- Heilt ærelg, eg trur at litt trått vér kan heve opplevinga. Det skjer noko heilt spesielt mellom utøvarar og publikum om det regnar eller bles. Då veks formidlingsvilje og empati i takt mellom dei på kvar si side av "scena". For all del, vi håpar véret blir godt, men véret bekjymrar nok truleg oss mindre enn andre festivalar, seier Hansegård og berømmar samstundes nettverket av festivalar i Valdres.

- Vi er ein god gjeng som utgjer Festivalar i Valdres. Musikk, støl- og matfestivalane her oppe konkurrerar ikkje, men supplerar kvarandre på vårt heilt spesielle vis. Alle framsnakkar og ynskjer det beste for kvarandre, vi er eit "team" som ynskjer å sette Valdres på kartet på våre ulike og unike vis, fortel Hansegård og seier at det er godt å oppleve både lokal og offentlleg støtte når ein skal ta sitt livs største risiko i 2018. 

- Vi legg ned ein god dose økonomisk og kunstnerisk risiko i dette, og håpar vi kan halde framsyningar i Åbjøra i flerie år framover.

Draumefangaren

- Så kven eller kva er "Draumefangaren" i dette?

- Definisjonen er open og høgst individuell. Vi håpar publikum kan få små, drøymande fragment levert nedover skogen og elva undervegs, og settje dei saman til sin eigen draum. Framsyninga sluttar med at publikum får oppleva kunstnarane sin draum, altså ei narrativ historie med ein raud tråd. 

- Kvifor så oppterken av draumar?

- Det krev sitt mot å drøyme, ikkje minst i vaken tilstand, og kanskje ein skal hive seg utpå og sjå at det er mogleg å la seg rive med? Draumen i framsyninga er hemmeleg, og eg håpar det blir eit fint klimaks i enden av ei kunstnerisk reise langs juvet, seier Hallgrim og let smilet og blikket henge.

- Og då er den gamle draumen om juvet oppnådd?

- Min eigen draum i dette er å få opp denne framsyninga i hjartet av Valdres, i blide og ville Åbjøra, og håpa at eg og mine flinke aktørar kan gje noko tilbake til Valdres, avsluttar han.

Kjenner juvet godt: Hallgrim Hansegård føler seg både utfordra og vel heime i Åbjøra. Her heng han i ein vegg med i overkant god fallhøgde, etter ein arm, og helsar alle velkomne til framsyningane i august. Foto: Henning Wangsnes.

Sjå trailer av framsyninga her:

Les meir om Draumefangaren og utøvarane her

Her kjøper du billettar til framsyninga

Tekst:
Lene Hovi
lene.hovi@valdres.no

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: