Hashtag Valdres

Frank og Heidi Tindvik på Mjøsvang KafeMjøsvang Kafe i Vang: Frank og Heidi Tindvik er stadig i Vang. Både i fjella rundt og på handlerunde. Dei skulle gjerne delteke meir på kulturkveldar her på Mjøsvang, men alt for ofte kallar naturen dei ut på tur. (Foto: Lene Hovi)

Nokre valdresentusiastar har kanskje kome over dei på sosiale medier allereie. Bilder av spreke folk på spreke fjellturar, som tidvis siterer Aasmund O. Vinje og legg mjuksida til i beskrivelsen av opplevingar i valdresfjella og hyttelivet her. Emneknaggen (hashtaggen) Valdres går varm.

Frank og Heidi Tindvik er hytteeigarar i Valdres på tredje året og svært aktive på Instagram. Vi bestemte oss for å bli litt betre kjent med dei og få nokre verbale inntrykk av Valdres frå hyttefolket tilbake.

#jotunheimen

Heidi er telemarking og Frank kjem frå Holmestrand, der dei to óg har budd sidan 2006. Dei er gifte på niande året og har alltid vore mykje på reisefot. Med hytte i Valdres er New York no bytta ut med Ryfoss og Vang. Varme strender er erstatta av friske fjellvatn. Kontinentale croissanter er sjeldnare på matbordet, derimot ligg det kanelsnurrar frå Bakeren i Bagn i frysen.

- Heilt ærleg så havna vi i Valdres ved ei tilfeldigheit. Vi kjem begge frå fjellvante familiar og var mykje på tur i barndommen, men vi hadde ikkje noko forhold til Valdres frå før. Etter ein tur til Rasletind for nokre år sidan, melde det seg eit behov for tilgong til høge tindar. Seint same kveld gjekk vi inn på finn.no og såg kva som fantes av rimelige hytter innan ein nokså stor radius for Jotunheimen. Kort tid etter var vi på visning i Ryfoss, fortel Frank.

Hytta låg perfekt til. Kort veg til fine turområder og prisen var innanfor budsjettet.

- Eg fall med det same, men Frank meinte det var for mykje å oppgradere. Etter nok ei visning med familiemedlemmar som kan byggefaget, vart hytta ansett som i svært god stand og kort etter kjøpt. Vår eigen inngangsport til Jotunheimen var i boks, smiler Heidi.

#lokalbefolkninga

Om dei skal handle trevirke til oppussing, matvarer eller ta ei innandørs treningsøkt finn dei alt, og med god hjelp, i nærleiken. Det veltar ut godord om valdrisane når ein spør kva inntrykk dei har av oss.

- Heilt ekstremt hyggjelege og hjelpsame, seier dei i kor.

- Om det er grunneigaren, kassadama eller frisøren som låsar opp treningssenteret på Ryfoss ein sein kveld, høyrer vi aldri eit "nei" eller "det kan bli vanskeleg". Det er låge skuldrer og ein uformell, god tone med alle vi kjem i prat med. Med så mange hyttedøgn i året vi har kjem vi i prat med ein heil del, og dei lokale er absolutt med på å dra våre gode opplevingar i Valdres opp, seier Heidi.

Temaet glir rett over i landbruk og støling.

- Vi har faktisk fått ei ny og audmjuk respekt for bønder når vi ser oss rundt her i Valdres. Kor viktig og rett det kjennes å sjå gardar drive i mindre skala, med beitande dyr og nærleik til naturen. Den utmarka vi er så glad i å vandre i er eit flott prega kulturlandskap frå dette landbruket, seier Frank.

Valdresreklame: @heiditindvik og @skateman_81, aka Heidi og Frank Tindvik er nærast ein liten reklamekanal for Valdres åleine på sine Instagramprofilar. Valdresentusiama viste seg å være heilt ekte! (Foto: Privat)

#kvilepuls

Frank og Heidi er over snittet opptatte av trening. Frank konkurrerer på nasjonalt nivå i skøyter og utanfor hytta har Heidi sitt eige pull-up apparat, ei seig bjørk med grein i heilt rett høgde. Reiser dei på hytta for å trene eller kvile?

- Her i Valdres får vi fort ein kvilepuls som gjer energi. Til og med bilturen opp, som tek fire timar, opplevast som ein del av den samla hytteroa her. Vi får den gode kjensla av å være litt utanfor verda og slappar djupt av. Då kjem også energien, fortel Heidi.

- Men det unike med Valdres er jo at det også er rom for makspuls. Det er ville og fantastiske fjelltoppar i umiddelbar nærleik som får blodet til å bruse ekstra når ein står og har bekjempa ei fjellside, skyt Frank inn.

70 døgn i året: Heidi og Frank har rekna på det, og fann ut at dei er på hytta i nærare sytti døgn i året. Som begeistra storforbrukarar av valdresnaturen legg dei att mykje idyll på Instagram (Foto: Privat)

#gjærbakst

Det skal vise seg å bli vanskeleg å få noko negativt ut av Tindvikane. Er det verkelig ingen manglar med Valdres?

Det tenkjast og kløs i skjegg.

- Som hytteeigar er det vanskeleg å kjeldesortere. Ikkje umuleg, sjølvsagt, men det let seg ikkje gjera å levere sortert avfall der vi har hytte. Det oppleves som litt feil at all søpla går i same dunk, kjem Frank opp med etterkvart.

- Det skulle vore fleire bakeri! Vi er så glad i gjærbakst, og hamstrar hos Bakeren i Bagn på veg opp. Apropos det, så tok vi opp to kanelsnurrar frå frysen før vi stakk på trening i dag, det blir kjempedigg å koma tilbake til hytta, seier Heidi med eit stemmeleie som avslørar eit noko lågt blodsukker.

Det er berre å takke for tida, og ikkje minst for gleda over Valdres dei utviser både på Instagram og i høgst levande live.
#takkforpraten.
 

Sprell levande turglede! (Foto: Privat)

Heidi sin Instagramprofil finn du her: https://www.instagram.com/heiditindvik/
Frank sin Instagramprofil finn du her: https://www.instagram.com/skateman_81/
I tillegg er Heidi ein aktiv bloggar og legg stadig ut turtips i Valdres på https://heiditindvik.com/

Tekst: Lene Hovi
lene.hovi@valdres.no

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: