For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

EN

NO

DE

Ungdommeleg sommarsatsing

8. Februar 2019

Kontorfellsskapet 1724 tilbyr relevant sommarjobb til ungdom under utdanning denne sommaren i lag med kreative miljø i nabodalføra. Saman med eksisterande sommarjobbtilbod vert det mykje å velje mellom i Vang denne sommaren. (Foto: Cathrine Dokken)

Med fire veker relevant sommarjobb til ungdom under høgare utdanning ynskjer Kontorfellsskapet 1724 i Vang å trekke til seg unge og flinke folk for framtida.

Det nye sommarjobbtilbodet i Vang har fått namnet Fjellspire er ein del av eit samarbeid mellom kreative miljø i Gudbrandsdalen, Hallingdal, Numedal og Valdres.

– Det var ein student frå NTNU i Trondheim innom i Vang i fjor og jobba eit par veker. Ho meinte relevant sommarjobb i fjellet var midt i blinken for mange studentar og vi byrja å jobbe vidare med tanken. Vi endte til slutt opp med fire miljø, tolv jobbar og eit treårig prosjekt-samarbeid støtta av både Buskerud og Oppland fylkeskommunar, fortel dagleg leiar i Innovangsjon, Hallgrim Rogn.

– Treng ungdom

Jobbane i Vang handlar fyrste rekkje om innhaldsproduksjon, foto, film og sosiale medium for Mountains of Norway, Outtt og Innovangsjon.

– Vi håper på gode søkjarar både frå Vang, Valdres og andre plassar i landet. Flesteparten av folka på 1724 har passert 30 med god margin no, så vi treng absolutt unge folk inn i miljøet med kunnskap vi sjølv manglar, seier Rogn.

Det vert lagt opp til felles bustad, litt sosialt opplegg og alle moglegheiter for aktiv fritid for Fjellspirene.

- I beste fall er dette starten på samarbeid som gjev studentane høve til å flytte til Vang etter endt utdanning. Det er i alle fall målet både her og i nabodalføra vi samarbeider med.

Variert jobbtilbod

Med denne nyvinninga på plass vert det stor og god variasjon i årets sommarjobbtilbod i Vang. Kommunen søkjer mellom anna etter både helsepersonell, utearbeidarar og stiryddarar, samstundes som øvrig næringsliv treng mykje folk.

– Både butikkar og turistbedrifter har høgsesong og tilbyr sommarjobb til mange unge i Vang. Ellers har til dømes både Valdres sparebank og Vang Energiverk lange tradisjonar for å tilby unge sommararbeid. Vi har også to stavkyrkjer som treng guidar og mange bønder i høggir som treng ei ekstra hand. Det ligg med andre ord godt til rette for å både tene pengar og skaffe seg verdifull erfaring i Vang denne sommaren,  seier næringsutviklar i Innovangsjon Dag Inge Bruflot.

Meir på www.fjellspire.no - alle sommarjobbar i Vang vert lyst ut også gjennom vangivaldres.no, facebook.com/vangivaldres og NAV  sine sider.

Søk overnatting

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk hva skjer

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:
Datoer

Søk mat og drikke

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk overnatting

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

følg oss på Facebook