Investering i storféfjøs?

Ei rekkje fagmøter er sett opp for å gje råd til bønder i Valdres som vurderer å investere i storfefjøs. Photo by Annie Spratt on Unsplash

Går du med byggeplanar for nytt fjøs eller kanskje ynskjer å bygge om/inntil det gamle?
Faglag i Valdres, valdreskommunane og Valdres Natur- og Kulturpark inviterer til fagmøter for deg som funderer på investering i storféfjøs.

Du lurer kanskje på:
- Kva treng eg å gjera før 2024 (nye krav relatert til dyrevelferd) eller 2034 (krav til lausdrift)
- Kva er eigna løysing for meg?
- Korleis går eg fram?
- Kven kan eg diskutere med?
- Fins det praktiske eksempel eg kan lære av?

Du er invitert til å delta på eit eller fleire fagmøter, som vil ta opp aktuelle tema relatert til slike spørsmål.

Spesielt ynskjer vi å nå dei yngre, saman med noverande drivarar, der generasjonsskifte er aktuelt innan nokre år. Eit spesielt fokus blir det på små og mellomstore bruk, som vi har mange av i Valdres.

KLIKK HER: Her finn du detaljert program for dei tre ulike fagmøtene

Fagmøte 1:

Onsdag 4.mars
Nord-Aurdal, Leira vidaregåande skule, auditoriet         kl. 11.00 – 15.30
Vestre Slidre, Slidretun, kommunestyresalen                 kl. 19.30 – 22.00

Dag- og kveldsmøtet er nesten like, men litt avkorta på kveld. Vi tek for oss gjeldande ordningar i Innovasjon Norge. Bruk av tre vil bli drøfta, saman med ein presentasjon av eit innvilga prosjekt, og eit prosjekt der søknad skal leverast i nær framtid (dagmøtet). Lokale leverandørar presenterer ein del aktuelle tema på bygg og planløysing. Det blir presentert status på arbeidet med nytt regelverk på dyrevelferd (2024/2034) relatert til driftsbygningen. Ein lokal veterinær vil også dele nyttige erfaringar og observasjonar.

Ingen møteavgift

Påmelding (servering) til mob 91004468 seinast fredag 28. februar

Fagmøte 2:

Måndag 16.mars
Vestre Slidre, Slidretun, kommunestyresalen                   kl. 11.00 – 15.30
Nord Aurdal, Fagernes, Festsalen i rådhuset                    kl. 19.30 - 22.00

Dag- og kveldsmøtet er nesten like, men litt avkorta på kveld. Her er fokuset på bygningsteknikk, driftsplanlegging og gardsoverdraging. Vi vil særleg legge vekt på å drøfte små og mellomstore bruk. Eit aktuelt prosjekt vil også bli presentert slik at vi kan drøfte og dele praktiske erfaringar (dagmøtet).

Ingen møteavgift

Påmelding (servering) til mob 91004468 seinast torsdag 12. mars

Fagmøte 3:

Tysdag 24.mars
Øystre Slidre, Arnfinn Beito, Sagastogovegen, Skammestein kl 11:00             
Øystre Slidre, Løken forskningsstasjon i Volbu kl 12:30

Denne dagen innleiar vi med eit fjøsbesøk i ein driftsbygning som stod ferdig hausten 2014, bygd for 21 liggebåsar til mjølkekyr og 100 vinterfora sau. Sjølve fagmøtet startar kl 12.30, og der vil besøkt fjøs bli presentert nærare og drøfta. Så får vi besøk av tung ekspertise i aktuell bygningsteknikk. Vi ser også på kvar vi kan få dei gode råda, og oppsummerer kva tre fagmøter har lært oss.

Ingen møteavgift

Påmelding (servering) til mob 91004468 seinast torsdag 20. mars

KLIKK HER: Her finn du detaljert program for dei tre ulike fagmøtene

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: