EN

NO

DE

Hemsingfestivalen flyttes til oktober

15. Januar 2021

Hemsingfestivalen er kjent for sine "intime møter med stor musikk". Her spelar Eldbjørg og Ragnhild Hemsing i Aurdal fjellkyrkje i 2019. (Arkivfoto: Lene Hovi)

Som første Valdres-festival ut i 2021, melder Ragnhild og Eldbjørg Hemsing at den allereie nedskalerte, men planlagte Hemsingfestivalen i februar 2021 vert utsett til hausten.

Dette skriv dei på festivalen sine heimesider no i kveld.

- Som festivalarrangør er me no i ein situasjon med stor usikkerheit og med nye strengjare retningslinjer og restriksjonar på grunn av covid-19. Etter samtaler med kommuneoverlegen i Nord-Aurdal, har administrasjonen i samråd med styret til Hemsingfestivalen no vedteke å flytte festivalen frå februar til 8.-10. oktober. Dette er difor inga avlysning, men ei endring av datoar, skriv Eldbjørg og Ragnhild på nettsida www.hemsingfestival.com.

Norske artistar

Før valet om å utsetje årets festival hadde musikarsystrene allereie bestemt seg for invitere eit høgt nivå av nasjonale artistar, for å sikre at dei ikkje vart ramma av reiserestriksjonar mellom landegrenser. Men å avhalde ein intim musikkfestival allereie i februar, vart likevel for usikkert i desse dagar. 

Sjå video frå Hemsingfestvalen 2020: Arve Tellefsen på festivalfrukost i Aurdal

- Håpar å sjå dykk

- Festivalen i oktober vil bli gjennomført med same plan som me skulle hatt i februar i år, og me håpar å sjå dykk alle på Hemsingfestivalen i oktober, seier Ragnhild og Eldbjørg på festivalens heimeside.

Informasjon om festivalprogrammet og sal av billettar vil bli oppdatert fortløpande på heimesida, www.hemsingfestival.com
Ta kontakt med festivalhotellet, Nythun, for booking av rom.

Søk overnatting

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk hva skjer

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:
Datoer

Søk mat og drikke

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk overnatting

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

følg oss på Facebook