Arbeidet med UNESCO-status for seterkulturen styrka

3. Juni 2021

På eit halvt år har arbeidet med å få seterkulturen innskriven på UNESCO si liste over immateriell kulturarv motteke 1,7 millionar kroner i støtte. (Foto: Yngve Ask)

Norsk Seterkultur fekk rett før årsskiftet 700.000 kroner frå Innlandet fylkeskommune til arbeid og aktivitetar for å få seterkulturen innskriven på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. 18. mai kom nytt tilsegnsbrev, denne gongen frå Landbruksdirektoratet. Løyvet var på kr 1 million kroner. 

Tekst: Lene Hovi
Valdres Natur- og Kulturpark

- No, etter tre år med studiar, rigging og forprosjekt, set arbeidet god fart. Dette tyder på det er viktig for mange å ta vare på kulturen som er knytt til fjellet. Historiar, eventyr og minne frå seterlivet er sterkt kopla til vår identitet. Om seterkulturen vert innskriven i UNESCO si liste over immatriell kulturarv, vil det bli ei utvida forplikting for fellesskapet å ta vare på denne kulturarven, seier Katharina Sparstad.

Ho er dagleg leiar i Norsk Seterkultur og har vore tungt inne i prosessen sidan 2018, då interesseorganisasjonen vedtok å arbeide for ei slik listeføring hjå UNESCO.

LES OGSÅ: Ynskjer UNESCO-status for seterkulturen

Dramatisk trend

- Rundt århundreskiftet var det 9000 aktive setrar, eller stølar, i Noreg. No er det 900 att. Nedgongen er dramatisk og noko generalisert kan ein seie at stadig flerie små og mellomstore bruk må gje tapt. Det er ikkje lønnsemd i mjølkeproduksjon for dei småbøndene som har setring som tradisjon og som ein naturleg del av gardsdrifta, seier Sparstad.

Men seterkulturen betyr mykje for dei fleste av oss. Ikkje berre i Noreg, men i fjellområde verda rundt. I Sverige er det kun 100 setrar att, og saman med nabolandet søkjast det støtte frå Erasmus+ for samarbeidstiltak i dette arbeidet.

Positiv vitalisering

- Arbeidet er viktig, og mange har gjeve utrykk for dei støttar arbeidet. Dette gjeld faglag i landbruket, andre organisasjonar, institusjonar og ressurspersonar. Vi trur at dersom vi skulle vere så heldige å få ein slik status vil dette verea eit argument for at forvaltninga og andre interesser for å prioritere seterdrifta i framtida. Dersom vi ikkje oppnår statusen vil aktivitetane knytt til arbeidet vere ein positiv vitalisering av seterkulturen, seier Sparstad.

Det er ein omfattande prosess å søke inskripsjon på verdsarvslista, og arbeidet har frist 2024. I hovudprosjektet er det Rådhuset Vingelen som leiar arbeidet.

Søk overnatting

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk hva skjer

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:
Datoer

Søk mat og drikke

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk overnatting

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: