Folkemusikk i notid og framtid med tilskotsmidlar for 2022

Framsyninga "Tre" av FRIKAR var ein av to produksjonar som mottok støtte frå Folkemusikk i notid og framtid i 2021 (Foto: FRIKAR)

Valdreskommunane forvaltar ei tilskotsordning for produksjon og framsyning av folkemusikk og folkedans, Folkemusikk i notid og framtid, og oppmodar allle som brenn inne med gode idear og formidlingsvilje til å søkje.

I 2022 er det 60 000 kroner til fordeling. Støtta blir gitt til 1–2 produksjonar som produksjonsstøtte og/eller turnéstøtte. Produksjonen skal ha røter i musikk- og dansetradisjonane i Valdres og skal inngå i Den kulturelle skulesekken. Søkjarar busett i Valdres vert prioritert.

I 2021 gjekk tilskotet til framsyningane "Piltampu" (Eivind Andrisson Vang og Folketonane) med Bente Hemsing og Stein Villa, og "Tre" med FRIKAR. 

Vilkår for tildeling:

- Ferdigstille og tilby produksjonen til barnehagar og eller skular i Valdres innan skuleåret 2023/2024

- Tilby produksjonen til barnehagane/ skulane i Valdres i samsvar med dei satsane DKS/ Rikskonsertane nyttar eller etter avtale.

- Utøvarane skal delta i ein evalueringsprosess og rapportere innan 1.januar 2023. Støtte til nye produksjonar vil ikkje bli gjeve før rapport ligg fere. Kulturnettverket i Valdres kan kalle inn til eit møte for å drøfte røynsler, marknadsføring med meir.

Last ned søknadsskjema, kriterier og informasjon eller ta kontakt med ks@valdres.no.

Søknaden skal sendast til info@valdres.museum.no innan måndag 20. mars 2022.

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: