- Likar godt futten i fiberen


Ferske og nøgde fiberabonnentar: Syver Bjerknes og Harald Bjerknes er familie og naboar i Fjellsbygda med stabil fiberline inn i kvar sine hus. (Foto: Lene Hovi)

Tekst: Lene Hovi
Valdres Natur- og Kulturpark

I november fekk Syver Bjerknes og sonen Harald Bjerknes fiber i veggen. No, etter nokre månader med bruk, kan dei seie seg godt nøgde.

- Då  et kommunale tilbodet om fiber kom i fjor vår var me ikkje seine om å melde oss på. Då hadde vi hatt mobilt breiband i nokre år etter at kobbarnettverket vart teke ned. Dette var vi eigentleg ganske nøgde med, men vi ynskte oss begge eit raskare og meir stabilt nett og var lei av noko værsjuke parabolantenner, fortel Harald Bjerknes.

Han og faren bur begge i Fjellsbygda i Etnedal, og Harald jobbar to dagar i veka heimanfrå. Arbeidet innan byggeprosjektering krev sine tunge program på PC-en, noko som fiberen no sørgjer for at glir lett.

- Eg merkar stor skilnad på hastigheita og stabiliteten på heimekontoret, seier Harald.

- Og eg slepp å gå ut og måke nysnø av parabolantenna for å få eit godt TV-bilete, ler Syver.

Delta i samfunnsutviklinga

Harald og Syver sine heimar er to av fleire bueiningar som kopla seg på fiberen som vart strekt langs Fjellslinna denne hausten. Naboar i vegen har snakka godt saman og funne ut at dette er viktig for å utvikle området og i gjere det meir attraktivt å bu på bygda.

- Eg trur det var avgjerande for at så mange slengde seg med. Den gode nabopraten og vissa om at vi investerte for framtida. Det har noko å seie for bygda, handelen og framtidig busetjing at vi er med å bidra til ein god digital infrastruktur, seier Harald.

Trygg investering

Syver meiner det kan vera både tryggleik og prisauke i å ha fiber i veggen.

- Då eg vurderte tilbodet tenkte eg at det kunne ha noko å seie for verdien på bustaden min og. Dessutan er det ei rivande teknologisk utvikling no for tida, så eg kjenner meg tryggare når fleire framtidige tenester truleg blir avhengige av stabilt og raskt internett, seier han.

Før han vart pensjonist jobba Syver som arbeidsformann for Telenor i Valdres, så han er godt kjent med utviklinga som har gått føre seg dei siste tiåra.

- Eg har sete mykje med barnebarn på Skype og halde meg oppdatert på nyheiter og på PC-en, men eg har aldri opplevd så god futt i lina som eg har no om dagen, avsluttar Syver.

(Artikkelen held fram etter biletet)
Syver har vore tett på den teknologiske utviklinga, sidan har jobba i over 30 år for Telenor. No er han pensjonist og var aldri i tvil om han skulle ha lagt inn fiber. (Foto: Lene Hovi)

- Det er ikkje for seint å melde seg på

Fredrik Holte Breien held i den kommunale utbygginga av fiber i Valdres. (Foto: Lene Hovi)

Telenor sitt prosjekt med å bygge ut fiber på vegner av Valdres-kommunane er så og si ferdig bygd ut, og 2000 nye husstandar har no tilbod om å kople seg på.

- No er det lagt betydeleg med fiberkapasitet fram til tomtegrenser rundt om i Valdres. Det vil vere seljarar frå Telenor ute i felt i veke 12 som tek i mot di bestilling. Dersom du ikkje får besøk, eller det ikkje passar, kan du skrive inn namn og telefonnummer i skjemaet her forms.office.com/r/y59isam6L5, så blir du kontakta av seljar i etterkant, seier prosjektleiar for den kommunale utbygginga i Valdres, Fredrik Holte Breien.

Prosjektet er bygd med tilskot frå kommunane og Innlandet fylkeskommune, med eigenandel for kunden på 4.990 kr. Rekninga sendast ut frå kommuna etter at abonnementet er teikna. Det betyr at du betaler 0,- i etablering hjå Telenor, men vil få ei rekning frå kommuna på eigenandelen i etterkant.

Meir utbygging på gang

- Det er diverre mange som ikkje har tilbod om høghastigheits-internett endå. Det er brei einigheit blant politikarane i Valdres at andelen med tilbod skal opp. Vi har difor nok eit prosjekt ute i konkurranse no, der ambisjonen er å bygge ut til ytterlegare 1500 einingar i nær framtid. Les meir om pågåande prosjekter og sjå status for ditt område på www.bredbandivaldres.no

Fleire tilbydarar enn dei kommunale prosjekta

Dei prosjekta det her blir referert til, byggjast ut med tilskot frå kommunane, fylkeskommunen og staten. Dei tek føre seg områder som leverandørar av høghastigheits-internett ikkje ynskjer å bygge ut kommersielt. Dette betyr at det vil vere mange områder i Valdres med eit eksisterande tilbod allereie i dag, blant anna frå Eidsiva Bredbånd og Net2you.

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: