Dei fann småbruksdraumen i Lundelien i Valdres

Ina og Maurice leita, fann og forelska seg deretter i Lundelien i Sør-Aurdal. (Foto: Eivind Olmhus)

Etter å ha reist rundt i januar på leit etter eit småbruk, vendte Ina og Maurice tilbake til Sør-Aurdal ein snau månad sidan forrige besøk. Denne gongen for å flytte inn på den gamle husmannsplassen Lundelien.

Tekst og foto:
Eivind Olmhus/ Mitt Sør-Aurdal

Ina Støen (21), frå Trøndelag, og Maurice Jean-Paul Bischof (23), frå Sveits, møttes då dei tok agronomutdannelse på Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland der dei gjorde seg ferdige i fjor.

Etter at dei la ut ei annonse på facebook i januar, og vart blant anna intervjua av Avisa Valdres, fekk dei mange henvendelsar.

- Vi forelska oss i Lundelien og klarte ikkje sleppe tanken på å bu der, så då blei valget fort klart, seier Ina. 

Tett på naturen

- Her kan vi få prøvd ut mykje av det vi er interesserte i, fortel Ina. - Som å anlegge grønnsakshage og ha geiter på beite, drive manuell hogst, hauste av naturen og foredle det vi sjølv dyrkar.

Etter dei flytte inn i midten av februar har dei vaska og ordna, isolert rundt ovnen og gjort det heimekoselig og varmt. Møblar er henta frå stabbur og låve, og noko er kjøpt brukt.

- Dei fyrste dagane var ganske kalde, men etter at vi har fått ovnen ordentlig i gang og isolert litt har det vorte mykje bedre, fortel Maurice. Ovnen blir også brukt til matlaging og har allereie vist seg å gje skikkeleg gode heimebakte brød. 

Fekk hjelp med flyttelasset

- Vi var spente på korleis vi kom til å bli møtt av bygdefolket, men det har overgått alle forventningangar, fortel Maurice. - Vi har fått hjelp til å frakte flyttelasset opp hit då vi skulle flytte inn.

- Vi har blitt invitert på middag og fått låne dusj og vaskemaskin hos naboen. Som også har lånt oss motorsag og brøyta vegen. Vi har også fått tips om, og blitt satt i kontakt med relevant jobb.

- Ein er jo alltid litt spent, når ein skal flytte til ein ny plass, seier Ina. - men det har vore veldig fint her dei fyrste vekene. Folk har vore veldig positive til at vi busett oss her, og til det vi vil drive med.

Vårsol og snøsmelting

Sjølv om starten i Lundelien var kald set dei også pris på dei stjerneklare nettene, med stjernebildet Orion over låvetaket, og kvittrande kjøttmeis om morgonen. Skiene er også tatt i bruk, både for dagstur i skogen og for å kjøyre ned til vegen der bilen står parkert. 

No stundar dei på våren og gler seg til å sjå at snøen forsvinn slik at det kjem rennande vatn i bekken, og at det blir bar bakke slik at dei kan så grønnsakane dei vil dyrke.

- Foreløpig har vi jo berre sett Lundelien dekt av snø, seier Ina. - Men vi fikk sett eit bilde av nokre som var på tur her på sommarstid, og då var det endå finare!

Rundt kjøkkenbordet diskuterar dei kva slags frø som bør kjøpast inn og kvar grønnsakshagen helst bør ligge. Dei er begge tydelege på at dette blir eit prøveår der dei blir kjende med flora og fauna, både muligheitene og begrensningane på gården og dei sjølve. 

- Vi vil bruke tida fram mot hausten til å hauste av marka, nyte naturen og bli kjent med bygda. Så får vi sjå kva framtiden bringer.

Medan Maurice er i gang som vikar på Sør-Aurdal Ungdomsskule, skal Ina ta meir utdanning der ho lærar om økosystem og brukar gården som utgangspunkt for ei oppgåve.

På sikt drøymer dei begge om å skape eit sosialt tilbud på gården og i bygda, kor barn og unge kan få være med og få fyrstehåndserfaring om landbruk og dyrking av grønnsaker og vekste og få ein arena for mestring der dei kjenner seg verdifulle og ivaretatt. 

No gler dei seg til å utforske alle dei ulike mogelegheitene som ligg rundt dei, idéane dei gjerne vil prøve ut og korleis småbruksdraumen best kan kombinerast med jobb. 

Klikk her for meir nytt frå Mitt Sør-Aurdal og Sa-posten på Facebook

På sikt drøymer Ina og Maurice om å skape eit sosialt tilbud på garden og i bygda, kor barn og unge kan få være med og få fyrstehåndserfaring om landbruk og dyrking av grønnsaker og vekster og få ein arena for mestring. (Foto: Eivind Olmhus/Mitt Sør-Aurdal)

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: