Kursrekke om nye løysingar og smartare drift i grovfôrproduksjonen

Prosjektet "Framtidstru i Valdres-landbruket" har sett saman ei kursrekke om nye løysingar og smartare drift i grovfôrproduksjonen.

Valdreskommunane og faglaga ynskjer alle landbruksinteresserte velkomen! For at flest mogeleg skal kunne bli med, går tre av kursdagane både på dagtid og kveldstid.

Påmelding: Seinast to dagar før møtet (gjeld både dag- og kveldsmøter).
SMS til nr: 947 81 882 eller
E-post til berit.hilmen-svanheld@nlr.no
NB! Gje beskjed om allergiar

1. kursdag: 
24. januar (kun dagmøte)

Furulund Pensjonat. Klokka 11.00-13.30
Tyinvegen 1407, 2960 Røn

Klimatiltak og presisjonslandbruk, framtida i Valdres

• Presisjonslandbruk og drivstofføkonomisk traktorkøyring v/ Åsmund Langeland, NLR Innlandet
• Landbrukets klimaplan v/ Ole Kristian Oldre, Innlandet Bondelag
• Bruk av klimakalkulator v/ Magnhild Strand, NLR Innlandet
 

2. kursdag: 
2. februar (dagmøte eller kveldsmøte)

Dagmøte: Furulund Pensjonat. Klokka 11.00-13.30
Tyinvegen 1407, 2960 Røn

Kveldsmøte: Fengselet (Valdres Gjestegård) i Aurdal. Klokka 19.00-21.30
Oslovegen 653, 2920 Leira

Verdien av god jord og utnytting av utmarksbeite

• Jordliv, redusert jordarbeiding og karbonlagring v/ Kari Bysveen, NLR Innlandet
• Utmarksbeite og biologisk mangfald v/ Kristin Daugstad, NIBIO

3. kursdag: 
8. februar (dagmøte eller kveldsmøte)

Dagmøte: Furulund Pensjonat. Klokka 11.00-13.30
Tyinvegen 1407, 2960 Røn

Kveldsmøte: Fengselet (Valdres Gjestegård) i Aurdal. Klokka 19.00-21.30
Oslovegen 653, 2920 Leira

Grovfôrøkonomi og kostnadsgalopp

• Grovfôrøkonomi i fjellregionen v/ Aslak Botten, NLR Østafjells
• Økonomien i Valdreslandbruket v/ Ole-Arne Fugllien, SpareBank 1 Regnskapshuset

4. kursdag: 
14. februar (dagmøte eller kveldsmøte)

Dagmøte: Furulund Pensjonat. Klokka 11.00-13.30
Tyinvegen 1407, 2960 Røn

Kveldsmøte: Fengselet (Valdres Gjestegård) i Aurdal. Klokka 19.00-21.30
Oslovegen 653, 2920 Leira

Vegval og slåttesystem som er aktuelt for Valdresbonden

• Dyrkingsstrategiar og vegval v/ Petter Fredriksen Bjørge, NLR Innlandet
• Alternativ såing av eng v/ erfaringsbonde Hallgeir Kvaal og Sveinung Sandberg, NLR Innlandet.

Deltakaravgift (inkl. servering):
For heile kurset kr 800,-
For enkeltmøter kr 300,-

Arrangørar: Valdres Natur- og Kulturpark, Norsk Landbruksrådgiving, Innlandet fylkeskommune og Statsforvalteren i Innlandet

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: