Utlysning av produksjonsstøtte for 2027
11. november 2026
Likar du å formidle folkemusikk og/eller folkedans og har ei god historie som fengjer born og unge? Då kan det vere produksjonsstøtte å hente i ordninga "Folkemusikk i notid og framtid". (Foto: SerhiiBobyk/iStock)
Ordninga Folkemusikk i notid og framtid utlyser no midlar til produksjonsstøtte i 2027
Valdreskommunane forvaltar ei tilskotsordning for produksjon og framsyning av folkemusikk og folkedans. I 2027 er det 60.000 kroner til fordeling. Støtta blir gitt til 1–3 produksjonar som produksjonsstøtte og/eller turnéstøtte.
Produksjonen skal ha røter i musikk- og dansetradisjonane i Valdres og utøvarane bør ha tilknyting til Valdres. Hovudformålet er at flest mogleg born og unge skal oppleve levande folkemusikk frå Valdres. Produksjonen kan inngå i den kulturelle skulesekken eller visast i samanhengar der det er naturleg at born og unge er med.
Søkjarar busett i Valdres vert prioritert.
I 2026 gjekk tilskotet til "Døgeniktenes Decennium", "I hovudet opp ned" og "Mikkel rev og bestevennen"
For å få produksjonsmidlar innan ”Folkemusikk i notid og framtid” må:
- Produksjonen skal være klar for framsyning innan utgangen av 2027
- Produksjonen skal vere eigna og visast på arena for born og unge/familiar/alle
- Produksjonar som blir produsert for Den Kulturelle Skulesekken skal sendast ut til alle Valdreskommunane
Her finn du søknadsskjema (Søknadsfrist: 15. desember 2026)
For spørsmål, ta kontakt med:
Frank Rolland/ frank.rolland@valdres.museum.no /90632556
eller
Bente Lindahl/ bente.lindahl@valdres.no /90939224.




