Om
Ved Bygdins vestre bredde finn du musikk- og friluftsfestivalen Vinjerock, som går av stabelen tredje helga i juli kvart år.
Musikken er essensen i festivalen, og dei satsar på unge, norske og nordiske stjerneskot i alle sjangerar. Aktivitetar, foredrag og kurs er og ein stor del av festivalprogrammet, kor den raude tråden er bêrekraftig friluftsliv. Etter ein aktiv dag i fjellheimen byr dei på ypperleg festivalmat, basert på råvarer frå lokalmiljøet.
Vinjerock held til på Eidsbugarden, i ytterkanten av Jotunheimen Nasjonalpark, like ved grensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane. Anten du køyrer til Oslo eller Bergen har du ca 4 timars køyring framfor deg - fordelt på om lag 28 mil.