Huga på Gard inviterar til inspirasjon og fest

Huga på gard inviterer til fest og inspirasjon
Laurdag 26. oktober er det klart for både inspirasjonsseminar og fest i regi av Huga på gard. Peter Hatcher er kokk og dagleg leiar på Syndinstøga og syter for topp lokal servering. Anne Live Garvik er prosjektleiar for Huga på gard.

Tekst: Hallgrim Rogn/Innovangsjon
www.vangivaldres.no

– Etter snart tre år med Huga på gard er det busett folk på mange gardar i Vestre Slidre og Vang samstundes som vi har fleire enn nokon gong på interesslista. Då høver det seg med ein inspirasjonsdag og ikkje minst ein fest, fortel prosjektleiar for Huga på gard, Anne Live Garvik.

Både seminaret og festen skjer på Syndinstøga laurdag 26. oktober og byr på ein hærleg blandig av dyktige bønder, lokal mat og trivelege sambygdingar.

– Heile dagen og kvelden er både ferske og etablerte bønder, samt alle som er «Huga på gard», hjartleg velkomne. Inspirasjon og kunnskap er sjølvsagt viktig, men å få nettverk rundt seg som fersk gardbrukar og møte andre med lik interesse og kvardag, det er det verkeleg viktige her, understrekar Garvik.

Huga på gard-prosjektet går ut 2019 i Vang og Vestre Slidre, men det vert arbeida på fleire frontar for ei regional vidareføring av prosjektet i tida som kjem.


Program - Inspirasjonsseminar

Tid/stad: Laurdag 26. oktober 10:00 - 16:00 på Syndindstøga
Påmelding: annelive.garvik@gmail.com // 959 36 189 (sms) eller
Hallgrim Børhus Rogn hallgrim@vangivaldres.no // 41 222 769 (sms)
Pris: Gratis - Huga på gard spanderar

1000 - Velkommen ved prosjektleiar i Huga på gard Anne Live Garvik som også oppdaterer om nye folk, tomme bruk og vegen vidare for Huga på gard. Vertskap og ordstyrarar for dagen er Ole Jacob Christensen og Yvonne Tonnnaer. Kaffe og frukt står klart til oss når vi kjem.


1030 - Lizas småbruk er både ei bustad for familie på fem, eit småbruk og ein populær kursstad på Jevnaker. Liza kjem for å fortelje om det å bu og drive eit småbruk, samt erfaringar om økonomien kring ulike område på eit småbruk. 

1115 - 
Bjørn Nylander har kjøpt gard med mjølkekyr i Høresbygde og støling ved Bygdin i Jotunheimen. Korleis er det å ta over ein gard i full drift? Korleis klare balansegangen mellom investeringar, økonomi? Bjørn fersk erfaring og mange tankar kring dette.

1200 - Lønsj - Syndindstøga si kjøttsuppe med lokalt kjøtt og kantarell frå Vang.


1300 - Jeremy Wilson Åltveit driver med Inn på tunet i Hemsedal og held fleire ulike kurs. Han har også bygd om eit eldre kyrfjøs til sauefjøs med fleire enkle, rimelege og praktiske løysingar.


1345- Randi Ødegården har teke over heimgarden i Liagardane i Vang og investerar i nytt geitefjøs for å sikre drifta inn i framtida. Korleis er prosessen frå A til Å når ein vel å investere i nybygg? Randi har og erfaring med bruk av nofence-klavar og fortel om fordelar og ulemper med dette.


1430 - Kaffi og kanelsnurr

1450 - Ole Jacob Christensen er ein tydeleg grønn stemme inn i den nansjonale landbruksdebatten og pratar for oss om god økonomi på små bruk.


1530 - Dag Inge Bruflot er næringsutviklar i Innovangsjon og kjem rett frå møte med Innovasjon Norge til seminaret med oppdatert informasjon om både lokale, regionale og nasjonale støtteordningar til satsing innanfor landbruket.

1600  - Takk for i dag  


Program - «Huga på fest»

Tid/stad: Laurdag 26. oktober frå 19:30 på Syndindstøga
Påmelding: annelive.garvik@gmail.com // 959 36 18 (sms) eller
Hallgrim Børhus Rogn hallgrim@vangivaldres.no // 41 222 769 (sms)
Pris: 250,- (Særs snill «Huga på gard-pris. Betalast ved ankomst)

19:30 - Velkommen/dørane opnar.
20:00 - Fjelltapas med mellom anna ørret frå Syndin, rakfiskk, brent laks, roastbeef av Tyinlam, hjortekarbonader, viltgryte, spekeskinge, kurv og fleire ulike ostar frå Valdres. 
20:45 - Presentasjon av nye bønder i Vestre Slidre og Vang frå 2017 og fram til no
20:55 - Eit skråblikk på valdresbonden ved ny gardbrukar på Hålien i Høre, Bjørn Nylander.
21:10 - Dessert - Fløterand med Lomenblåbær, brødpudding og blåbærsaus (norsk pannacotta) 
21:40 - Quiz
22:15 - Fest - ope for alle

NB: Om nokon treng overnatting er det berre å ta kontakt med Syndindstøga (post@syndinstoga.no). Yvonne og Ole Jacob har også høve for overnatting både heime hos seg og på stølen (yvonne.tonnaer@gmail.com

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

april 2024

  • Vil at flere skal gjøre som herTorsdag, 18. april 2024

    Mange private eiere av kulturminner har søkt om midler til istandsetting og restaurering de siste årene, men Norsk Kulturfond…

  • Rydd - og tjen en slump med REN samvittighetOnsdag, 17. april 2024

    Å rydde plastsøppel og avfall langs etter elver og vassdrag er viktig for vannkvalitet og dyreliv i regionen, samt veldig digg for…

  • E16 ut av Fagernes og inn i NTP Mandag, 8. april 2024

    Nok en gang står E16 Fagernes sør-Hande utenfor Samferdselsdepartementets plan for de neste 12 årene, Nasjonal…

mars 2024

februar 2024

>
>
>
visitvaldres