Kort om stavkyrkjene i Valdres
Heile seks av dei 28 bevarde stavkyrkjene i Norge i dag står i Valdres. Dei er både bygningsmessig og med omsyn til dekorasjonar i slektskap med stavkyrkjene i Sogn. Vegen over Filefjell mellom Sogn og Valdres var den viktigaste ferdselsåra over land mellom Bergen og Oslo allereie i mellomalderen. Kulturimpulsar og rikdom utanfrå kom i stor grad langs den noverande stamvegen E-16 som har lange tradisjonar, og handel med ”Valdres-jern” skapte òg rikdom. Det er difor ikkje rart at Valdres òg har tre steinkyrkjer frå mellomalderen, dels i engelsk og dels i kontinental stil. Desse kravde meir fagkunnskap, men utvikla seg elles side om side med stavkyrkjene med nokre særpreg som kjem av materialane.
Mange kyrkjer i Valdres i dag
Valdres hadde ein «norgesrekord» i kyrkjetettleik i mellomalderen og har det framleis i dag, utanom byane. Før Svartedauden i 1349 må folketalet i Valdres ha vore om lag 3-4000 menneske. Etter pesten levde det att om lag 1200. Likevel hadde Valdres 21 kyrkjer – av desse 18 stavkyrkjer og tre steinkyrkjer. Hallingdal hadde til samanlikning åtte stavkyrkjer og ingen steinkyrkjer. I dag har Valdres 35 kyrkjebygg, medan Hallingdal har 18. Dei to dalføra har alltid hatt eit nokolunde samanliknbart folketal.
Valdres Stavkyrkjeforum
I 2006 vart Valdres ein av 11 pilotar i Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområde under Riksantikvaren. Ein av hovudoppgåvene var å arbeide for auka verdiskaping knytt til stavkyrkjene.
I samband med dette arbeidet vart det sett ned eit eige forum for arbeidet med stavkyrkjene. Hensikta er å samordne oppgåver knytt til stavkyrkjene som besøkskyrkjer.
Forumet består av representantar frå:
- Kyrkjeeigarane i Vang, Vestre Slidre, Øystre Slidre, Nord-Aurdal og Sør-Aurdal
- Valdres prosti
- Visit Valdres
- Valdresmusea AS
- Valdres Natur- og Kulturpark (sekretariat)
Oppgåver til Valdres stavkyrkjeforum:
- Arbeide for å løfte stavkyrkjene til å bli det mest attraktive besøksmålet i Valdres
- Arbeide for eit regionalt kompetansesenter for stavkyrkjene i Valdres
- Samordne omvisingstenesta ved kyrkjene. Målet er at det alltid er minst ei open kyrkje i sommarsesongen
- Marknadsføre kyrkjene i Valdresguiden og anna media
- Drifte facebokside for stavkyrkjene i Valdres
- Utveksle erfaringar
Forumet har også definert dei andre mellomalderkyrkjene inn i arbeidet, det vil seie Slidredomen og Ulnes kyrkje.
Alle stavkyrkjene i Valdres har fått eige informasjonstavler, felles bilettar med kort tekst og bilete. I tillegg er det laga postkort, kyrkjepass med tekst, bilete og plass til stempel for alle kyrkjene, samt eit eige informasjonshefte på fleire språk.
Det er også laga 3D datapresentasjon for kyrkjene Øye og Reinli:
Sjå 3D-presentasjon av Reinli kyrkje her
Sjå 3D-presentasjon av Øye kyrkje her
Prosjekt Historia om Lomen stavkyrkje
Valdres Natur- og Kulturpark fekk i 2019 midlar frå Oppland Fylkeskommune og Riksantikvaren sitt verdiskapingsprogram. Søknaden bygde på det langsiktige prosjektet Vandring i kirkehistorien som knyt seg til Pilegrimsvegen gjennom Valdres.
Prosjektet Historia om Lomen stavkyrkje inneheld fem deltiltak:
Parkering, tilrettelegging og informasjon
Kulturstig ved Lomen
Enkel kafedrift i freda bygg ved kyrkja
3D-presesentasjon av Lomen
Etablering av web-basert kunnskapsbase





