Mellom alter og monter
Om
Kyrkja og kulturminnevernet er kjempar og verdiforvaltarar av alt det som bitt oss saman: håpet, songen, materialbruken og handverket – alt det vakre som vi kan strekke oss etter og gripe, og det som vi berre delvis kan sjå eller forstå.
Dei er mektige historieforteljarar – og kjelder til kunnskap om tenkemåtar og samfunn som ikkje lenger eksisterer. Dei er omdreiingspunkt for utvikling av ny kunnskap, og dei står stadig i sentrum for dialog om fellesskap og tilhøyrigheit. Slik har kyrkjene stor betydning for forminga av også moderne identitetar.
Kyrkjene er heilage tempel. Men dei har også bidratt til det vitskapelege prosjektet i Noreg i over 200 år. Wilhelm Koren Christie var framsynt samfunnsbyggar og meinte at «de historiske samlinger vil utbrede Lys over den norske Historie, og at Landets Indbyggere – ved at lære at kjende disse Skatter – kan høste Fordele af dem».
200 år seinare erfarer vi at kulturminna – og dermed også kyrkjene – stadig er til nytte for forskinga – om byggjestil, materialitet, eller økonomisk historie. Kyrkjene og kulturarven utgjer uerstattelege verdiar, og dei dannar framleis eit grunnlag for vitskapen og forståinga vår av verden.
Kyrkjebevaringsfondet gir tilskot til at museum og kyrkja kan samarbeide om kunnskap og kompetanse, formidling og oppleving, engasjement og deltaking.
No undersøker vi korleis eit tettare samarbeid mellom museum og kyrkje kan bidra til auka besøk og interesse for kyrkjearven. Kva drøymer vi om og korleis kan kyrkja og musea oppnå meir saman?
Praktisk info og påmelding
TID: 28. og 29. september 2026
STAD: Valdres Folkemuseum og Ulnes kyrkje
MÅLGRUPPE: Kyrkjeeigarar, museum, forskingsmiljø, forvaltninga, omvisarar, reiseliv og andre interesserte
PRIS: Kr 1800 (inkluderer buss til og frå kyrkja, lunsj og middag)
PÅMELDINGSFRIST: 10. september 2026
OVERNATTING: Du tingar overnattinga di sjølv, og bør gjere samstundes med at du melder deg på. Scandic Valdres, tlf. 61 35 80 00 // Fagernes Camping, tlf. 61 36 05 10
ARR: Valdresmusea, i samarbeid med Randsfjordmuseet, kyrkja, NIKU og fleire samarbeidspartnarar
Du kan lese mer om programmet for dagene her: https://valdresmusea.no/mellom-alter-og-monter
TripAdvisor
Åpningstider
| Oppmøte på Valdres Folkemuseum (28 sept 2026) |
|---|







