Påfyll av sjarm og Valdres-fakta?

Vil ha fleire Valdres-ambassadørar. Frå venstre: Jørand Ødegård Lunde, Ina Syversen, Katharina Sparstad og Henning Wangsnes frå Valdres Natur- og Kulturpark bidreg på årets Valdresvert-kurs saman med fleire andre gode føredragshaldarar. (Foto: Lene Hovi)

Veit du kva namnet "Valdres" betyr? Kven av stavkyrkjene våre er eldst? Kvar kan ein vandre i Mikkjel Fønhus sine fotspor?

Vertskap - ein menneskeleg skilnad

Valdres Natur - og Kulturpark har i ei årrekkje invitert til gratis Valdresvert-kurs, eit kurs for alle som i sitt virke kjem i kontakt med tilreisande i regionen eller som ynskjer å vere gode ambassadørar for Valdres.

Sjå fullt program og påmeldingsinfo her: http://bit.ly/VNKvert

- Vi ynskjer at samtlege som kjem til Valdres skal få ei best mogleg oppleving når dei er her. Ikkje berre i form av god kunnskap om Valdres, men at dei blir møtt med ei haldning om at vi i Valdres kan gje dei det vesle ekstra. Gode Valdres-vertar styrkjer omdømet, tiltrekningskrafta og konkurranseevna til både regionen og dei enkelte verksemder, seier Henning Wangsnes i Valdres Natur- og Kulturpark.

Les også: Sterke navn og lokal nysgjerrighet lokket 17 på Valdresvert-kurs

Meld deg på!

14. juni er det klart for nytt Valdresvert-kurs i to bolkar på Valdres folkemuseum. Eit basiskurs med fokus på Valdres som merkevare, historie, friluftsliv, sjåverdigheiter, vertskap og service. Deretter ein fordjupningsdel i kulturturisme og middelalderkyrkjer. Ein kan delta i begge eller enkeltbolkar. 

- Kulturturisme-bolken er interessant for alle, men spesielt egna for dei som ynskjer å arbeide som kyrkjeguidar i Valdres. Det kan væra eit springbrett for å sikre seg ein populær sommarjobb eller sesongarbeid, seier Katharina Sparstad.

Jahn Børe Jahnsen, Sølbjørg Kvålshaugen, Anders Nordrum, Julia Helgesen, Eli Vatn og Ola Kristian Hegge bidreg med sine streke fagfelt på kurset.

For fullt program og påmeldingsinfo- sjå her: http://bit.ly/VNKvert
Meld deg på ved å sende epost til: post@valdres.no

Visit Valdres held eige kurs for detaljhandelen dagen før: http://bit.ly/ValdresSelger
 

Tekst:
Lene Hovi
Valdres Natur- og Kulturpark
lene.hovi@valdres.no
Les flere artikler fra Valdres Natur- og Kulturpark her

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: