60 års-jubilant i barbert versjon

Det vert ikkje hygge i lyngen på Jaslangen og Solefallkonsert under årets Jørn Hilme-stemne. Men Kim Rysstad tek turen til amfiet på Valdres Folkemuseum og held ein "smittevern-venleg" konsert i staden. (Foto: Anne Marte Før)

Jørn Hilme-stemnet hadde akkurat lansert nye heimesider med eit flott jubileumsprogram når Covid-19 sette verda på hovudet. Dei har venta på utvikling og avklaringar, men det blei meir og meir klart at ein ordinær festival blei vanskeleg å gjennomføre, skriv arrangørane av Jørn Hilme-stemnet på sine nettsider.

HILME barbert

Sjølv om Jørn Hilme-stemnet slik vi kjenner det offisielt er avlyst, blir det likevel presentert nokre godbitar fredag og laurdag i HILME-helga. «HILME barbert» er nemninga på årets arrangement med eit program som er sterkt frisert for å møte smittevern-omsyna.

Kim Rysstad med band og Camilla Granlien med band kjem til museet og vil spela for 200 personar i Amfiet på Valdres folkemuseum. Det blir også intimkonsertar med eit eksklusivt utval billettar og strauming.

Sjå programmet for HILME barbert her

Sjå programmet for Småfolk barbert her
 

Ser fram til 2021

- HILME 2020 skulle feire festivalen som 60-åring, og fredagen på HILME blir det fokus på spelemannen Jørn Hilme på konserten «Susen av Garlistuten». Det blir også dugnad på Hilmisberget i løpet av våren. Elles gler vi oss til neste år og håpar på dans, dans, dans og fysiske møte i Valdres 2021!

Festivalsommaren i Valdres:

Fleire festivalar i Valdres har diverre sett seg nøydd til å avlyse, utsetje eit år eller avventar nye retningsliner.

Les ogsåValdres Sommersymfoni - Miniversjon av festivalen helgen 25.- 28. juni 
 

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: