Om
Hytta står på Skatrudstølen, ei vakker stølsgrend 25 min kjøring frå Beitostølen.
Hytta på tilhengar er bygd i 2021 og har 14 kvadratmeter grunnflate med romsleg hems. Solcelleanlegg med god ladekapasitet, vedomn og gassbluss. Utedo. Hytta står inntil ei gamal hytte som ikkje er i bruk. Vatn kan du hente i elva like ved eller i ei kjelde. 120 cm brei seng nede og 120 madrass på hemsen. Vaskerom og god lagringsplass i hylleskåp og under senga.
Området er ypperleg for fjellturar, sykling, fiske og skigåing. Om sommaren er du i landskap med sauer, kyr, traner og eit rikt plante- og dyreliv. På vinteren er det flotte skiløyper rett ved.
Du kan også bu på hytta og få guida fisketur, stølsvandring eller friluftslivskurs.
Ta kontakt på 91 74 73 43 eller på epost: ivingdal@budeiene.no for mer informasjon.