Lokalmatmarknad som opptakt til Rakfiskhelga

Med over 20 lokalmatprodusentar, dugnadsmannskap frå Valdres FK og kokk Erling Theodorsen er alt klappa og klart til ein spanande lokalmatmarknad. Dette blir moro, seier Håvard Halvorsen frå Norsk Rakfiskfestival, Henning Wangsnes frå Valdres Natur- og Kulturpark og Guri Grønolen frå Fylkesmannen i Oppland.
Med over 20 lokalmatprodusentar, dugnadsmannskap frå Valdres FK og kokk Erling Theodorsen er alt klappa og klart til ein spanande lokalmatmarknad. - Dette blir moro, seier Håvard Halvorsen frå Norsk Rakfiskfestival, Henning Wangsnes frå Valdres Natur- og Kulturpark og Guri Grønolen frå Fylkesmannen i Oppland.

Den årlege rakfiskhelga nærmar seg, ei festhelg for lokalmatprodusentar i Valdres. Rakfisken dominerer sjølvsagt, men også andre lokale matprodukt har gode dagar under festivalen.

I år blir det eit ekstra fokus på mat frå Valdres. Både torsdag og fredag vil over tjue lokalmatprodusentar by fram varene sine i smaksteltet på Skiferplassen. Denne lokalmatmarknaden starta opp torsdagen i fjor, og blir etter suksessen då utvida til å omfatte også fredagen på årets Rakfiskfestival. Som i fjor blir det dessutan lokalmatrestaurant inne i teltet, der kokk Erling Theodorsen diskar opp velsmakande, lokale rettar.

God marknadsføring

Guri Grønolen ved fylkesmannen i Oppland/Valdres Natur- og Kulturpark er koordinator for marknaden, og ho fortel at det var dei gode tilbakemeldingane i fjor som gjorde at lokalmatprodusentane no får to salsdagar i teltet. – Dei sette pris på å få stå inne i eit varmt telt, dei likte at det var ei roleg og god stemning med rom for ein god prat med kundane og dei såg det som ei god marknadsføring, fortel Guri.

Kollegalunsj

Valdres Natur- og Kulturpark på fjorårets kollegalunsj. Som i fjor blir arbeidsplassar oppmoda om å ta ein kollegial lunsj i teltet. – ”Ta med ein kollega til lunsj” – kampanjen i fjor slo godt an som ei triveleg avveksling til den daglege lunsjen eller nistepakka, seier Guri. Ho fortel at Valdres fotballklubb stiller med seks personar som hjelpemannskap i teltet. – Me treng hjelp ved inngangen, i kassa og til rydding og reinhald. Sidan VNK har ei partnarskapsavtale med fotballklubben, stiller dei med mannskap desse to dagane.

Julemat

Lokalmatmarknaden vil vera ein flott opptakt til sjølve rakfiskhelga, og eit ypparleg høve til å sikre seg det ein treng av lokalmat framover mot jul. – Ja, her får du ei rolegare handleøkt enn i kaoset laurdagen. I tillegg får du god kontakt med produsentane, meiner Guri Grønolen som fortel at varespekteret spenner frå bakevarer,  ulik type kjøt m.a. viltkjøt, fjellgris og kjøt frå boergeit, kurv og anna spekemat, fisk, ostar og andre meieriprodukt, gelear, urter og øl. 

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

juni 2025

  • Beste kurv 2025 er kåretLørdag, 28. juni 2025

    Årets beste kurv ble annonsert fra scenen under Valdresdagen 28. juni. Fra venstre: Britt Karin Ranum fra Ranum Kurv som vant…

  • Kan du Kuvettreglene?Mandag, 16. juni 2025

    En flokk kyr og kalver på beite i Etnedalen. Nysgjerrige og som regel vennlig innstilt, men det er greit å likevel gå vekk fra…

  • Reis med buss for en 10-er i hele Innlandet i sommerFredag, 6. juni 2025

    Fra 23. juni til 17. august kan du reise med buss i hele Innlandet fylke for bare 10 kroner per tur/enkeltbillett.

    Billetten gjelder på…

  • INKLU søker deltakere med funksjonsutfordringerTirsdag, 3. juni 2025

    Elisa Sevilla Ulfstedt er prosjektleder for INKLU og Henning Wangsnes sitter i styringsgruppa for Valdres Natur- og Kulturpark. Pilotbedrifter er…

april 2025

>
>
>
visitvaldres