Viktig vegmøte under Rakfiskfestivalen

Viktige premissleverandørar og beslutningstakarar møttest til vegprat under Rakfiskfestivalen.Fredag var fleire av medlemmene i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Valdres-tur. Formålet var å bli orientert om utbygginga av E16 gjennom regionen – kombinert med ein tur innom Rakfiskfestivalen. NHO Innlandet ved regiondirektør Åge Skinstad deltok også på befaringa, i lag med direktør Geir A. Mo og styremedlem Bjørn Ivar Gunhildgard frå Norges Lastebileier-Forbund.  

Stortingspolitikarane Tore Hagebakken og Stine Renate Haaheim deltok også, saman med komiteleiar for samferdsel og trafikksikkerheit i Oppland, Anne Elisabeth Thoresen. Lokale vegforkjemparar med ordførarane i spissen, var sjølvsagt også på plass når regionleiar Inger Torun Klosbøle helsa velkomen. 

Busstur

Dagen starta med ei befaring og orientering om vegsituasjonen frå Fagernes til Hande ved Knut Westerbø i Statens vegvesen. Bussturen viste at her var det mykje smal og svingut veg, med fleire trafikkfarlege punkt. Strekninga er kostnadsrekna til 3,2 millionar, og blir sett på som eitt prosjekt. For å få best trafikkavvikling skal tunnelen gjennom Fodnesåsen frå Holdalsfoss fram til Røn takast fyrst. Deretter tunnelløysing gjennom Fagernes, med bru over Neselva ved Hunkevike. Møtet og befaringa var viktig for å bidra til at prosjektet kjem med i ny NTP (Nasjonal transportplan) for perioden 2018-2029.  

Ordførar i Nord-Aurdal og regionleiar Inger Torun Klosbøle, opna møtet.

Sats på E16

Leiar i Stamvegutvalget og ordførar i Vang, Vidar Eltun, var klar i sitt innleiingsforedrag for forsamlinga; E16 vil vera det raskaste, sikraste og rimelegaste  vegsambandet å få på plass mellom aust og vest i tillegg til E134 som er valt som det sørlege alternativet. – Me støttar absolutt E134 som den opplagt raskaste vegen mellom Oslo og Bergen. Med ein arm frå Odda til Bergen blir denne vegen 42 kilometer kortare. Derimot er det ikkje samfunnsøkonomi å bygge RV7 eller Rv52 som det andre alternativet. Sats på E16 som snart står ferdig, og som blir 10-15 milliardar rimelegare enn å bygge ut ein av desse to riksvegane, konkluderte han.

Støtte frå Hordaland

Han gleda seg elles stort over det ferske forslaget frå fylkesutvalet i Hordaland som støttar E16 som det nordlege hovudsambandet mellom Aust- og Vestland. For trafikk frå Mjøsområdet og austover og all trafikk frå nord, vil E16 vera vegen som bind landsdelane saman. Dei tre strekningane i Valdres som no var viktig å få på plass, er Kvamskleive, Fagernes-Hande og Turtnes-Øye. 

Løysing for Fagernes viktig

- Aller viktigast av desse tre er rassikringsprosjektet Kvamskleive. Øye-Turtnes er det fortsatt håp om å få inn som ein del av prosjektet som alt er i gang (Øye-Eidsbru). Og som me har sett i dag, er strekninga Fagernes-Hande avgjerande for å få fullført E16 utbygginga, og må inn i NTP. Denne delen av E16 er også avgjerande for utviklinga av regionseneret vårt. Utviklinga av Fagernes vil stå stille fram til vegen er bygt, sa Eltun. 

Klima og miljøveg

Erik Engelien frå Visit Valdres var oppteken av at E16 var klima- og miljøvegen. – For trafikk frå Fv33 over Tonsåsen og RV51 over Valdresflye, betyr E16 stor innsparing av drivstoff framfor dei andre alternativa. Det er også minst ti milliardar å spare på å velja E16, sa han. Det valet har forresten bilistane alt teke, for årsdøgntrafikken viser 66 % høgare tal ved Leira enn ved Flå i Hallingdal, og 40 % høgare enn på Otta. Argumenta er mange for E16.

Direktør Geir A. Mo i Norges Lastebileier-Forbund.  Geir Mo i lastebileigarforbundet støtta i utgangspunktet tilrådinga frå Statens vegvesen om Rv 52 i tillegg til E134 som dei to vegane mellom aust og vest. Men som han sa, det er mange vegprosjekt som slåst om kronene, og konsekvensen blir at Hemsedal må vente i mange år for å bli fullført. – Difor må utbyggingane langs E16 som er i gang og som er planlagt, fullførast. Viktigast for våre medlemmer er å få ei løysing gjennom Fagernes. Kom i gang, oppmoda han.

NHO for delt løysing

- Det verkar heilt opplagt at Turtnes-Øye og Kvamskleive  må gjennomførast no, meinte Åge Skinstad frå NHO Innlandet. Mindre opplagt var løysinga mellom Fagernes og Hande. Her meinte han at det var smartast å begynne med ei løysing for Fagernes. - Start med tunnelen under bygdebyen fyrst, og ta den lange tunnelen opp til Hande etterpå, var bodskapen hans. Grunngjevinga var at det var lettare å få innpass i NTP med vel 500 millionar enn 3,2 milliardar som heile prosjektet ville koste. Her fekk han støtte frå Stein Fyksen i Bedre veier, samarbeidspart med NHO.

Forslaget frå Åge Skinsatd i NHO Innlandet opprørte lokale vegforkjemparar.

Opprørte ordførarar

Støtte fekk han derimot ikkje frå ordførarane Eivind Brenna og Kåre Helland. – Eg er rimeleg opprørt. Dette har vore ein tung og lang prosess, som fikse idear ikkje må stokke om på. Dette løyser ikkje noko, og NHO har begått ei blemme ved ikkje å støtte heile løysinga, var dei rimeleg klare ord frå Brenna.

- Her er eg for ein gongs skuld veldig einig med deg, Eivind, følgde Kåre Helland opp. – Dette vil skape fortsatt usikkerheit. No har me drive med denne strekninga i nesten 50 år og kome fram til ei god løysing. NHO sitt forslag er ingen god strategi for Valdres.

Turtnes-Øye opplagt

Inger Torun Klosbøle og Toril Eidsheim.Toril Eidsheim (H) frå transportkomiteen (og Hordaland), var lyttande til debatten om Fagernes-Hande. Når det gjaldt dei tre kilometrane mellom Turtnes og Øye, opplevde ho det som svært frustrerande å oppleve at slike ”opplagte” prosjekt ikkje vart med når maskiner og utstyr alt var på plass i samband med Øye-Eidsbru-utbygginga. 

Fleire i komiteen uttrykte noko av det same. – Turtnes-Øye er akutt av det akutte. Er det eigentleg berre departementet og ministeren som er i mot, spurde Sverre Myrli (Ap), som appellerte til vett og fornuft, og at det vart teke ei avgjerd straks.  Stortingsmann Tor Andre Johnsen (Frp) minna om at det var mange andre slike prosjekt i Norge å ta hensyn til. Men han var forundra over at det var kunstig dyrt å bygge veg i Norge. – I Sverige er det halve prisen, sa han.

Breiband og flyplass

Før Rakfiskfestivalen og eit godt Valdresmåltid i Lokalmatrestauranten, fekk forsamlinga høyre noko om utfordringar med breiband og flyplass. Eivind Brenna hadde forventningar til Stortinget om meir tilskot til bygging av breiband – god distriktspolitikk – og Inger Torun Klosbøle presenterte ein fersk mulegheitstudie for flyplassen oppå Leirin. Denne skal behandlast i Oppland og Buskerud fylkeskommune no før jul, og viser at det er eit stort potensiale for ei eventyrleg utvikling. 

Geir Mo får informasjon om rakfiskmåltidet.

Geir Mo får informasjon om rakfiskmåltidet.

Styremedlem i VNK stilte opp som ryddegut i lokalmatrestauranten. Jørand Ø. Lunde skryt av godt arbeid!
Styremedlem i VNK, Magne Kampen, stilte opp som ryddegut i lokalmatrestauranten. Jørand Ø. Lunde skryt av godt arbeid!

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

april 2024

  • Vil at flere skal gjøre som herTorsdag, 18. april 2024

    Både private eiere av kulturminner, samt lag og foreninger, har søkt om midler til istandsetting og restaurering de siste årene,…

  • Rydd - og tjen en slump med REN samvittighetOnsdag, 17. april 2024

    Å rydde plastsøppel og avfall langs etter elver og vassdrag er viktig for vannkvalitet og dyreliv i regionen, samt veldig digg for…

  • E16 ut av Fagernes og inn i NTP Mandag, 8. april 2024

    Nok en gang står E16 Fagernes sør-Hande utenfor Samferdselsdepartementets plan for de neste 12 årene, Nasjonal…

mars 2024

februar 2024

>
>
>
visitvaldres