300 000 til tre varmebuer

Utdeling av gave fra Sparebankstiftelsen. Foto: Nils Rogn

Sparebankstiftelsen DNB delte i går raust ut 1,5 millionar kroner til fire tiltak i Valdres. Blant desse var tre varmebuer som skal plasserast i løypenettet i Valdres. Valdres Natur- og Kulturpark/Valdres friluftsråd, fekk 300 000 kroner til dette.

Det var på ei samling i lokala til DNB på Fagernes at banksjef Geir Overland delte ut gåvene til fire glade mottakarar. Ina Syversen som er leiar i Valdres friluftsråd, kunne fortelja at pengane vil gå til tre varmebuer som skal ut i løypenettet til neste vinter. – Me må få inn søknader frå løypelaga, og deretter vurdere kvar me skal plassere buene. Det må til grunneigaravtaler og litt fundamentering, og ikkje minst skal dei plasserast slik at dei blir fine turmål for familiar.

Friluftsrådet fekk også i 2014 midlar til tre buer, og desse har vorte populære turmål, fortel Ina.  Desse buene står ved Jomfruslettfjellet, ved Yddin og ved Makalausfjellet. Åpning av varemua ved Yddin. Foto: Svein Erik Ski

Dei andre som fekk gåver frå Sparebankstiftelsen DNB ved denne utdelinga, var Øystre Slidre Skateklubb (352 000 kroner), Purkeryggen køllekrins (65 000 kroner) og Valdresmusea (800 000 kroner).  Sistnemnde skal rehabilitere utescena ved amfiet slik at større konsertar kan haldast uansett verforhold. Dette arbeidet skal gjerast i nært samarbeid med Valdres sommersymfoni.

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

mai 2026

  • Forberedt i dag - tryggere i morgenFredag, 15. mai 2026

    Sett av datoen for årets Valdreskonferanse 

    På Valdreskonferansen 22. september tar vi opp et tema mange utsetter å tenke…

  • Rekordinteresse for FjellmaratonOnsdag, 13. mai 2026

    Folk vil til fjells for å løpe. Det er rekordstor påmelding noen uker før det hele starter. (Foto: Det Norske…

mars 2026

februar 2026

  • NMBU‑studenter om framtidas ValdresMandag, 2. februar 2026

    Bilde fra da masterstudentene ved Institutt for landskapsarkitektur og Institutt for by- og regionplanlegging ved Norges miljø-…

januar 2026

>
>
>
visitvaldres