Heider til fire veteranar

Under markeringa av frigjeringsdagen på Valdres folkemuseum, vart det delt ut fire minnemedaljar som takk for innsatsen under andre verdskrigen. Medaljane er ei utmerking frå Kongen gjennom Fylkesmannen i Oppland.

Ein av dei fire, Ingar Hovrud, hadde døydd berre tre dagar etter at medaljane var kome, men hadde rekt å få henne, fortalde seremonimeister Inger Torun Klosbøle. Ho er regionleiar, og hadde ordna med grunngjeving og det praktiske rundt tildelinga i lag med Nils Tor Ødegård, sekretær i Valdres Forsvarsforening. 

Ingar Hovrud

Ingar Hovrud var fødd i 1920 i Nord-Aurdal, og han og broren Ola, gav husrom til motstandsgruppa til Furubotten. Peder Furubotten budde hjå Ingar med kone og døtre. Ei natt frakta han eine dottera på spark opp til doktor Riiber i Slidre, som hadde hennar nyfødte barn i varetekt. Han melde også frå om ein rassia tidsnok til at Furubotten og gruppa hans kom seg med hest og slede til heimstølen, og vidare til ei hytte på Breiset. Barnebarnet til Ingar Hovrud, tok imot medaljen. Sidan Hovrud hadde hatt tilhald på Etnedalsheimen den siste tida, var det etnedalsordførar Toril Grønbrekk som delte ut.

Marit Kjelstad

Marit Kjelstad som no bur i Øyer, vaks opp på Midthus i Aurdal, og budde der under krigen. Ho fekk minnemedaljen for matstellet for ei motstandsgruppe oppe på Aurdalsåsen. Turen opp dit tok tre-fire timar, og for ikkje å vekke oppsikt, gjekk ho på natta. Ho skaffa proviant og var kokke i tillegg til å vera eit bindeledd til andre motstandsgrupper. Etter krigen fekk ho diplom med takk for innsatsen for heimestyrkane under okkupasjonen. Og no altså minnemedalje.

Rolf Tidemandsen

Den tredje som fekk medalje var Rolf Tidemandsen frå Etnedal. Han var tretten år då krigen braut ut, og vaks opp på telefonsentralen i Etnedal. Denne kunne han operere, og han hadde i tillegg tilgang på ein liten radio. På denne måten deltok Rolf i motstandskampen med viktige meldingar. Han fortalde sjølv levande og med slagferdige replikkar frå opplevingane sine under krigen. Det største inntrykket hadde han fått då sentralen  vart overteke av tyskarane under rassiaen i Tapptjerndalen i 1944. Tyskaren Willy som hadde oppsyn med sentralen, måtte ha hjelp av Rolf til dette. Dei vart etter kvart så fortrulege at når Willy måtte få seg søvn, la han frå seg både mauser og pistol og sov på sofaen medan Rolf tok seg av sentralen. – Så stor tillit har eg vel nesten ikkje blitt vist nokon gong seinare, sa ein rørt Rolf Tidemandsen, som angra på at han ikkje hadde prøvd å oppspore Willy etter krigen.

Åge Hovengen

Yngstemann i flokken var Åge Hovengen. Som Tidemandsen er han født i 1927, og var ungdom på Brandbu i krigsåra. Her deltok han i arbeidet med ei illegal avis som den fire år eldre broren Per, gav ut. Avisa vart distribuert samanrulla inne i sykkelstyret eller i bambusstaven når det var skiføre. Åge var også kurer, og tok ein gong med ein pistol frå broren til ei adresse i Oslo. Han låg oppå ei bagasjehylle på toget, og kom velberga fram. Eit anna kureroppdrag førte til ei vellykka flukt av to skotskadde kvinner frå Hov sjukehus. Det var fare for tortur, og at dei kunne røpe viktige opplysningar.

Det var sterke vitnesbyrd me fekk høyre frå dei tre som var tilstade og tok imot medaljane. Det minna oss på kva ein trygg og fredeleg oppvekst og kvardag har å seia. Likevel var det som Hovengen fekk formidla gjennom dottera Inger ”at krigsåra var spennande år for ein tenåring”. Åge vart ramma av slag for ei tid tilbake, og er dårleg til beins og lite talefør. – Men han er klår i hovudet, og følgjer nøye med i nyheitene og samfunnsdebatten, fortalde Inger.

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

juni 2025

  • Beste kurv 2025 er kåretLørdag, 28. juni 2025

    Årets beste kurv ble annonsert fra scenen under Valdresdagen 28. juni. Fra venstre: Britt Karin Ranum fra Ranum Kurv som vant…

  • Kan du Kuvettreglene?Mandag, 16. juni 2025

    En flokk kyr og kalver på beite i Etnedalen. Nysgjerrige og som regel vennlig innstilt, men det er greit å likevel gå vekk fra…

  • Reis med buss for en 10-er i hele Innlandet i sommerFredag, 6. juni 2025

    Fra 23. juni til 17. august kan du reise med buss i hele Innlandet fylke for bare 10 kroner per tur/enkeltbillett.

    Billetten gjelder på…

  • INKLU søker deltakere med funksjonsutfordringerTirsdag, 3. juni 2025

    Elisa Sevilla Ulfstedt er prosjektleder for INKLU og Henning Wangsnes sitter i styringsgruppa for Valdres Natur- og Kulturpark. Pilotbedrifter er…

april 2025

>
>
>
visitvaldres