TurApp blir Outtt

Erlend Eggen har iført seg trøye med Outtt-logo, og ynskjer alle godt tur med den nye appen. Foto: Nils RognOnsdag var ein stor dag for Erlend Eggen og alle utviklarar og brukarar av TurApp. Fire år etter oppstarten, var det vesle selskapet klar for internasjonal satsing med nyutvikla app – Outtt!

Vesle og vesle, Erlend har i dag tre medhjelparar i selskapet pluss ein fotograf. Knallhard jobbing denne vinteren og våren fekk si utløysing på presentasjonen i kontorfellesskapet 1724. Det vart sterkt for gründeren, slik det gjerne er under fødslar. Men med eit slikt barn kan framtida berre bli lys.


Internasjonal satsing

Outtt er altså namnet, og det har nok meir internasjonal klang enn TurApp. I dag er det 30-35 prosent utanlandske brukarar av appen, og fleire skal det bli. Dei ekstra t-ane i out, varslar at her skal ein ikkje berre ut, men fortsette vidare. Og så fungerer det visuelt med den nyutvikla logoen, meinte Eggen.


Gratis

Outtt er gratis å laste ned på mobilen anten ein har iPhone eller Android. Appen opnar seg der du er geografisk, og viser omliggjande freistingar – i dei områda Outtt har fått med seg partnarar. Turen ein går blir GPS-tracka automatisk, og ein kan legge inn foto og litt tekst om opplevinga. Ein kan laga si eiga turdagbok, og kan velja om ein vil dele turane med vener.


Opplevingar

- Me har ikkje tenkt at dette skal fungere som ein konkurranse-app. Slike finst det nok av. Me vil heller fokusere på opplevinga, og samarbeider med guideselskap og tilbydarar av naturopplevingar. Hjå desse kan folk bestille direkte via Outtt, seier Erlend Eggen.

Basen blir i Vang

Meir om Outtt kan lesast i vedlagte pressemelding. Her skal berre konstaterast at om Outtt no både blir landsomfemnande og også vil vekse over landegrensene, så var beskjeden frå Erlend klar: Dette skal vera eit produkt med base i Vang i all framtid!

- Meir enn 1000 har lasta ned appen det fyrste døgnet, rapporterer Erlend Eggen.

Pressemelding

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

juni 2025

  • Beste kurv 2025 er kåretLørdag, 28. juni 2025

    Årets beste kurv ble annonsert fra scenen under Valdresdagen 28. juni. Fra venstre: Britt Karin Ranum fra Ranum Kurv som vant…

  • Kan du Kuvettreglene?Mandag, 16. juni 2025

    En flokk kyr og kalver på beite i Etnedalen. Nysgjerrige og som regel vennlig innstilt, men det er greit å likevel gå vekk fra…

  • Reis med buss for en 10-er i hele Innlandet i sommerFredag, 6. juni 2025

    Fra 23. juni til 17. august kan du reise med buss i hele Innlandet fylke for bare 10 kroner per tur/enkeltbillett.

    Billetten gjelder på…

  • INKLU søker deltakere med funksjonsutfordringerTirsdag, 3. juni 2025

    Elisa Sevilla Ulfstedt er prosjektleder for INKLU og Henning Wangsnes sitter i styringsgruppa for Valdres Natur- og Kulturpark. Pilotbedrifter er…

april 2025

>
>
>
visitvaldres