Viktig vegmøte

Det var ei stor forsamling som prata godt for E16 på møtet.Åge Skinstad frå NHO Innlandet og Guttorm Tysnes frå Norges Lastebileier- Forbund Hedmark og Oppland, deltok sist onsdag på eit møte med lokale vegforkjemparar om E16. 

Etter at dei nasjonale organa i båe organisasjonane hadde gått inn for andre vegalternativ mellom aust og vest enn E16, tok regionleiar Inger Torun Klosbøle kontakt med dei to lokale leiarane for ei samtale om vegsituasjonen. 

- Møtet var svært konstruktivt, og viste at NHO Innlandet og NLF Hedmark og Oppland er med oss i ynskje om fullføring av E16, seier dagleg leiar i Valdres Natur- og Kulturpark, Jørand Ødegård Lunde. – Båe la vekt på den betydninga E16 har for næringslivet i Innlandet, og at denne vegen i overskodeleg framtid vil vera den mest sikre vintervegen mellom aust og vest, legg ho til. Frå NHO deltok og politisk rådgjevar Jan-Bertil Lieng.

I møtet presenterte Vidar Eltun, ordførar i Vang og leiar i Stamvegutvalget, tala for utbyggingskostnadane ved å fullføre E16. Det er klart at å fullføre E16 er det raskaste og billigaste alternativet for å få eit godt samband mellom aust og vest.

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

mai 2026

  • Forberedt i dag - tryggere i morgenFredag, 15. mai 2026

    Sett av datoen for årets Valdreskonferanse 

    På Valdreskonferansen 22. september tar vi opp et tema mange utsetter å tenke…

  • Rekordinteresse for FjellmaratonOnsdag, 13. mai 2026

    Folk vil til fjells for å løpe. Det er rekordstor påmelding noen uker før det hele starter. (Foto: Det Norske…

mars 2026

februar 2026

  • NMBU‑studenter om framtidas ValdresMandag, 2. februar 2026

    Bilde fra da masterstudentene ved Institutt for landskapsarkitektur og Institutt for by- og regionplanlegging ved Norges miljø-…

januar 2026

>
>
>
visitvaldres