E16 må med i vurderinga

Morten Ask la fram tilrådinga frå Statens vegvesen for ein bortimot fullsett sal på Fleischers hotell på Voss. Foto: Nils Rogn

På synfaringa av E16 som Stamvegutvalet hadde torsdag og fredag, passa det slik at Statens vegvesen la fram si konseptvalutgreiing (KVU) då gruppa stoppa på Voss. Tilrådinga vart at Rv52 over Hemsedalsfjellet burde veljast som andre hovudveg mellom aust og vest.

Tidlegare har E134  vorte valt som den sørlegaste hovudsambandet mellom aust og vest,  og det var no knytt spenning til kva Statens vegvesen ville tilrå som den andre hovudvegen. Dessverre for E16 var ikkje stamvegen med i denne konkurransen. Statens vegvesen sitt mandat var å velje mellom Rv52 og Rv7 over Hardangervidda.

E16 sikraste og billigaste veg

Leiar i Stamvegutvalget, Vidar Eltun, meiner at E16 absolutt burde vore vurdert i denne KVUen. - E16 er snart ferdig som 100 prosent vintersikker veg, og me ordførarane i Valdres stiller spørsmål ved kor god samfunnsøkonomi det er å bygge ein nesten parallell veg over fjellet mellom landsdelane, seier han.

Størst samfunnsnytte

-  I kombinasjon med E134, vil E16 binde saman større delar av landet . På Austlandet betener Filefjell i hovudsak trafikk frå Mjøsområdet og nordover Gudbrandsdalen. Dessutan soknar Romerike/Gardermoen-området naturleg inn mot E16. Rv51 over Valdresflya vil i tillegg vera det raskaste sambandet frå Vestlandet til Trøndelag og vidare nordover. 

E16 gjev mest for pengane

- Å realisere utbygging av endå fleire nye vintersikre vegar vil ta mange, mange år. Kostnadene ved å bygge ut Rv52 og Rv 7 vil vera svært høge. Staten har alt investert mykje i E16 over Filefjell for å få denne 100 prosent vintersikker, og vegen vil vera den mest vintersikre i overskodeleg framtid. Vegen er snart ferdig utbygd, og kan fullførast mykje rimelegare enn dei andre strekningane. Me meiner at det er alt anna enn god samfunnsøkonomi å bygge to vintersikre vegar til, seier Vidar Eltun (Ap), leiar i Stamvegutvalget og ordførar i Vang.

Konklusjon

Ordførarane i Valdres meiner at å utelate E16, slik regjeringa legg opp til, gjev eit mangelfullt og utilstrekkeleg grunnlag for val av veg. Regjeringa må gje Stortinget mogelegheita til også å vurdere E16 som ein alternativ hovudveg mellom aust og vest, på lik line med Rv7 og Rv52.

Heilt til slutt seier Eltun at stamvegsynfaringa har vist at mykje godt arbeid er i gang eller vil starte i nær framtid. Spesielt trekkjer han fram det store behovet for sikring av rasutsette strekningar, særleg på Vestlandet men også i Valdres. - Dette må også prioriterast høgt, avsluttar han.

 Vidar Eltun.

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

juni 2025

  • Beste kurv 2025 er kåretLørdag, 28. juni 2025

    Årets beste kurv ble annonsert fra scenen under Valdresdagen 28. juni. Fra venstre: Britt Karin Ranum fra Ranum Kurv som vant…

  • Kan du Kuvettreglene?Mandag, 16. juni 2025

    En flokk kyr og kalver på beite i Etnedalen. Nysgjerrige og som regel vennlig innstilt, men det er greit å likevel gå vekk fra…

  • Reis med buss for en 10-er i hele Innlandet i sommerFredag, 6. juni 2025

    Fra 23. juni til 17. august kan du reise med buss i hele Innlandet fylke for bare 10 kroner per tur/enkeltbillett.

    Billetten gjelder på…

  • INKLU søker deltakere med funksjonsutfordringerTirsdag, 3. juni 2025

    Elisa Sevilla Ulfstedt er prosjektleder for INKLU og Henning Wangsnes sitter i styringsgruppa for Valdres Natur- og Kulturpark. Pilotbedrifter er…

april 2025

>
>
>
visitvaldres