Fjell- landbruket, best på utmarksbeite og støling

Påstanden blir reist av landbruksorganisasjonane i Valdres (Valdres landbruksforum) i det vi inviterer til landbrukskonferanse 18.februar, på Valdres vidaregåande skule.   Konferansen vil setje fokus på eigne ressursar og syne samanhengen med natur, verdiskaping og næringsutvikling. Berekraft for framtida blir fundamentet for samhandling mellom ulike næringar.

Du er invitert til å delta i å analysere framtida for fjell- landbruket!

Møt mange dyktige innleiarar

Ei rekkje engasjerte innleiarar vil analysere framtida for fjell- landbruket og fortelje kvifor vi skal satse, og utvikle oss saman for ei berekraftig framtid.

Frå politisk hald vil du møte stortingsrepresentantane Ivar Odnes, Stine Renate Håheim og Morten Ørsal Johansen. Lokalpolitisk møter du regionleiar Inger Torun Klosbøle.

Frå fagleg hald vil du møte Arne Lofthus, Brita Skallerud, Sidsel Røhnebæk, Helga Torvik Ulven, Gustav Fystro, Asgeir Føllesdal Svendsen og Oddbjørn Kval-Engstad.

Profilerte næringsutøvarar syner oss korleis dei brukar utmaksressursen, ved Kjell Gudmund og Line Svien, Arnfinn Beito og Linn Jenny Grønolen.

Fagleg fokus

Kva for verdiar finn vi i utmarka i dag?  Korleis kan desse verdiar vera eit fundament for samfunnsutviklinga i Fjellbygdene?

Konferansen opnar for at du kan engasjere deg, stille spørsmål og finne svar saman med gode kollegaer. Lokalavisa blir med som debattleiar i paneldebatten.

Sosial ramme

Rammene er lagt for at du i triveleg lag, med naboar og andre engasjerte, kan vera med å finne dei gode løysingar for framtida.  Tine og Nortura vil servere oss rømmegraut med spekemat.

Open invitasjon

Alle som vil vera med å forme framtida, er velkomne. 

Påmeldingsfrist 10.februar post@valdres.no  eller SMS 917 98 170

Sjå program for landbrukskonferansa her

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

juni 2025

  • Beste kurv 2025 er kåretLørdag, 28. juni 2025

    Årets beste kurv ble annonsert fra scenen under Valdresdagen 28. juni. Fra venstre: Britt Karin Ranum fra Ranum Kurv som vant…

  • Kan du Kuvettreglene?Mandag, 16. juni 2025

    En flokk kyr og kalver på beite i Etnedalen. Nysgjerrige og som regel vennlig innstilt, men det er greit å likevel gå vekk fra…

  • Reis med buss for en 10-er i hele Innlandet i sommerFredag, 6. juni 2025

    Fra 23. juni til 17. august kan du reise med buss i hele Innlandet fylke for bare 10 kroner per tur/enkeltbillett.

    Billetten gjelder på…

  • INKLU søker deltakere med funksjonsutfordringerTirsdag, 3. juni 2025

    Elisa Sevilla Ulfstedt er prosjektleder for INKLU og Henning Wangsnes sitter i styringsgruppa for Valdres Natur- og Kulturpark. Pilotbedrifter er…

april 2025

>
>
>
visitvaldres