600 bustader kan få fiber i Valdres

Fornøgde avtalepartnarar: Frå venstre: Ole Torgeir Dokkebakke (felles innkjøpskoordinator for valdreskommunane), Kjell Berge Melbybråten (ordførar i Øystre Slidre), Tom Dalhøy (Bid Manager i Eidsiva Bredbånd), Tom Caspersen (Direktør for leveranse i Eidsiva Bredbånd), Jørand Ødegård Lunde (dagleg leiar i VNK), Reidar Thune (rådmann i Vang) og Aslag Hamre (prosjektleiar for Breiband i Valdres) Foto: Lene Hovi

Eidsiva Bredbånd vann konkurransen om utbygging og vil bygge tidsmessig samband til 11 grender i Vang, Ø. Slidre og Etnedal. Oppstart er umiddelbart og allereie i vinter vil luftstrekking foregå på fleire av felta. Innan mars 2019 skal alle 11 prosjekta være ferdigstilte. 

Solid utbygger med lokale samarbeidspartar

- Eidsiva Bredbånd leverte det beste tilbodet på bygging av breiband i Valdres. Dei samarbeider tett med lokale energiverk. I denne utbygginga vil det vera Vang Energi, Valdres Energi og Vokks som vil stå for den praktiske utføringa, seier Aslag Hamre, prosjektleiar for Breiband i Valdres.

I styringsgruppa for prosjektet sit samtlege ordførarar og rådmenn i dei seks valdreskommunane. Eit utvalg av desse var til stades for fotografering under signeringa tysdag 10. oktober.

- Dette er ein stor augneblink for Valdres. Takk til Eidsiva Bredbånd for at de er framoverlente og løysningsorienterte, slik at vi no får realisert dette prosjektet, sa Kjell Berge Melbybråten, ordførar i Øystre Slidre, under kontraktsigneringen.

Desse bygdene får fiber:

Det er Øvre Dalen, Mjøsvang, Torpe, Åsvang og Ryfoss i Vang kommune, Volbu og Køllstadbygda i Øystre Slidre kommune og Langedalen, Lundemoen, Espelibygda og Byfelibygda i Etnedal kommune, som får tilbod om tilkopling til eit moderne breibandsnett denne gongen.

Alle anlegga blir bygde med fiberkabel fram til bustaden, og det utan krav om tilkoplingsavgifter eller dugnadsinnsats. Anlegget er fullfinansiert av utbygger med eit tilskot frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Du kan tinge breiband med den kapasitet du måtte ynskje, innan dei utvalde områda. Minste abbonement yter 50/50 Mbit/s i ein symmetrisk linje. Abonnementsprisar er standard pris, og desse kan du finne på nettsida til Eidsiva Breiband.

- Vi i Eidsiva er stolte av å få væra med å byggje samfunnsnyttig infrastruktur i Valdres og takkar for tillitten frå styringsgruppa. Det er lagt ein fornuftig tidsplan og vi er spesielt stolte av å kunne nytte dei lokale kraftverka til å utføre mykje av det praktiske arbeidet. Slik sett er vi med på å hegne om lokale arbeidsplassar, sa Tom Caspersen, direktør for leveranse i Eidsiva Bredbånd. 

- Unikt tilbud

- Tilbodet du får her er heilt unikt, så set i gang å planlegge kva du vil bruke dette nye nettet til. Her er ingen avgrensing i bruken. Du vil ha full kapasitet, alltid. Aktuelle tenester kan vera: e-læring, virituell skule, nettskytenester, heimekontor, smarthus, maskin til maskin-teneste (IOT) og e-helse. Elles vil utbygger tilby rikhaldige underhaldningspakker med stor breidde og innhald, alt etter kva du vil betale for, seier Aslag Hamre.

- Målet er fiber til alle

- Kva med dei som ikkje får fiber i denne omgangen?

- Dette er ein start, og vi må byggje ut eit og eit prosjekt i slengen. Men medan vi held på med dette konkrete prosjektet vil vi samstundes vurdere tilgrensande områder etterkvart som vi byggjer. Det kan bli opningar for diverse dugnadsfiber-modellar, det vil seie at det kanskje vil være ei tilkoblingsmuligheit, men då med større grad av eigeninnsats og - betaling, fortel Caspersen.

Informasjonsmøter

Det vil bli halde informasjonsmøter i dei tre aktuelle kommunane framover, der alle får mogligheit til å stille spørsmål og tinge abonnement.

Tekst: Lene Hovi

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

april 2024

  • Vil at flere skal gjøre som herTorsdag, 18. april 2024

    Både private eiere av kulturminner, samt lag og foreninger, har søkt om midler til istandsetting og restaurering de siste årene,…

  • Rydd - og tjen en slump med REN samvittighetOnsdag, 17. april 2024

    Å rydde plastsøppel og avfall langs etter elver og vassdrag er viktig for vannkvalitet og dyreliv i regionen, samt veldig digg for…

  • E16 ut av Fagernes og inn i NTP Mandag, 8. april 2024

    Nok en gang står E16 Fagernes sør-Hande utenfor Samferdselsdepartementets plan for de neste 12 årene, Nasjonal…

mars 2024

februar 2024

>
>
>
visitvaldres