1868 innsamla stølsminne frå Valdres

Stølslaga i arbeid med å registrere kulturminna på kartet (Foto: Katharina Sparstad)

Valdreskommunane er fyrste og foreløpig einaste region som har kartlagt alle sine kulturminne i stølslandskapet. 

Lang prosess

I perioden 2003 – 2011 arbeida kommunar, VNK og stølslag om ei kartlegging av kulturminne knytt til stølen. Alle stølslag med drift var invitert, og  mange stølsbrukarar var med å teikna kulturminne, beiter og reksler på kart. Kulturminna vart digitalisert og skulle publiserast  i digitale kartløysingar. Metoden for kartlegginga var ei forenkla modell frå stølskartlegginga i Øystre Slidre (2003-2005). Data vart systematisert i samråd med Riksantikvar og Oppland fylkeskommune som støtta prosjektet økonomisk. I Vestre Slidre var kartlegginga eit samarbeid med prosjektet «Heime og på Støle».

Sidan start har det vore fleire endringar i datastruktur for kulturminne, og difor ha det take tid før data vart klargjort for publisering. No er endelege dei 1868 minna som vart kartlagt i Vang, Vestre Slidre, Nord-Aurdal, Etnedal og Sør-Aurdal ope tilgjengeleg på Innlandsgis.

Stølshistorie

Dei aller fleste er minne frå nyare tid knytt til stølsdrifta som lokkarsteiner, gutuer, kjølekummer, steingarder mm, men det er også nokre eldre minner som kan skrive seg frå reinsfangst, kolbrenning og  jarnutvinning.

I tillegg til minne vart det kartlagt gode beiter og reksler. Desse data har kommunane og kan nyttast til beiteplanlegging og forvaltning av stølsområda. Ynskjer du kart over beiter og rekser i ditt område, ta kontakt med din kommune eller Valdres Natur- og Kulturpark.

Informasjonen er ein dokumentasjon av stølshistoria og kan også nyttast til og å fortelje historier om stølslivet i Valdress – før og no.

Slik gjer du det:

Kulturminna er tilgjengelege på www.innlandsgis.no.
(Du kan velge annonym innlogging om du ikkje har brukar)
Trykk + på Temadata (opne), trykk + ved kulturvern og deretter huk av ved kulturminne i kommunane (noko lengre ned i menyvalget)
Zoom inn på kartet ved å dobbeltklikke på det.

Høgreklikk på dei enkelte kulturminna for å få opp informasjon (kjem opp på venstresida av kartet)

Utsnitt frå kartet på www.innlandsgis.no:

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

desember 2025

  • Konsertfilm på Kvitvella kinoTirsdag, 16. desember 2025

    Kvitvella kino og Valdres sommersymfoni inviterer til en ny, spektakulær og annerledes opplevelse i Valdres.  

    Verkene til…

  • Kraftig vekst i omsetning av lokalmatTorsdag, 4. desember 2025

    – Innlandet viser hvor kraftig lokalmat kan utvikle seg når råvareproduksjon, mattradisjoner og politisk vilje trekkes i samme…

november 2025

oktober 2025

september 2025

  • Årets Valdresambassadør 2025Søndag, 28. september 2025

    Under årets Valdreskonferanse 23. september ble Valdresmusea hyllet av sine egne og mottok prisen som Årets Valdresambassadør. Fra…

>
>
>
visitvaldres