Ynskjer UNESCO-status for seterdrift

Om lag 40 seterbrukarar frå dei fleste fjellregionane møtte opp for å lære og diskutere moglegeiter for seterdrifta i framtida. Fagsamlinga var organisert av Valdres Natur- og kulturpark som har eit lite sekretariat for Norsk seterkultur

”Hvordan står det egentlig til på setra”

Det var både faglege innlegg om beitekvalitet ved Jørgen Todnem, NIBIO, om praktiske problemstillingar som mjølkerobot på stølen ved stølsbrukar Knut Ander Leivoll frå Gol.

Kari Stensgård frå NIBIO har skreve rapporten ”Hvordan står det egentlig til på setra” og beskriv seterdrifta som i fritt fall.  Etter mange stølsbesøk og mykje dokumentasjon drog ho opp eit lite oppløftande bilete av situasjonen. Fråfall av setrar held fram. Hovudårsaka er avvikling av mjølkeproduksjon, men det er også andre årsaker. 

Verneverdig driftsform

Det er no godt under 1000 støler i drift. Driftsforma kan seiast å ha kome under ei kritisk grense, og landbruket i seg sjølve har ikkje makta å ta vare på denne kulturarven. Det var derfor på sin plass å diskutere om denne driftsforma er verneverdig, og om vi bør søkje UNESCO-status. Det kan også vere aktuelt å søkje samarbeid med andre land i Europa om dette.

Kjetil Larsgård frå Hol har i samarbeid med Valdres Natur- og Kulturpark undersøkt tilhøva for å få områda Valdres - Hallingdal inn på UNESCOS verdsarvsliste. Når situasjonen for seterdrifta no er endra, er det vel så aktuelt å søkje UNESCO-status for stølsdrift som immateriell kulturarv.

Framtida for stølsdrift har no kome under vippepunktet for å være utrydningstruga. Om dette forsvinn, vil mykje verdifull kunnskap og kultur som vil  gå tapt. Ein UNESCO-status vil kunne gje ressursar til å ta vare på deler av kulturarven. Store deler av Europa er i same situasjon, og det an være naturleg å søkje samarbeid med fleire land. I Noreg har oselverbåten og folkemusikken i Setesdal fått ei slik status. Norsk seterkultur har lagt ut ein tekst på Norsk Kulturråd sine sider www.imateriellkulturarv.no

Stølsdrift som merkevarebygger

Ein av innleiarane var Henning Wangsnes frå Valdres Natur- og Kulturpark. Han fortalde om korleis Valdres bruker stølsdrifta i mykje av marknadsføring og merkevarebygging i Valdres. Mange assosierer noko positivt med stølsdrift, og det er ein kulisse som gjev biletet ein ekstra dimensjon på kva Valdres kan tilby. Han synte også til moglegheitene som ligg i Fjellnettverket og satsinga på lokalmat.

Vegen vidare

Til slutt på fagseminar var det ein workshop der folk skulle gradere kva som var viktigaste motivasjonen for å ta vare på – og vidareutvikle stølsdrifta. Det var kanskje litt overraskande at mange prioriterte fellesgoder som kulturlandskap, kunnskap og tradisjon framfor økonomi og matproduksjon.

Henning Wangsnes frå Valdres Natur- og Kulturpark fortalde om korleis Valdres bruker stølsdrifta i mykje av marknadsføring og merkevarebygging i Valdres.

Tekst og foto:

Katharina Sparstad
katharina.sparstad@valdres.no

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

juni 2025

  • Beste kurv 2025 er kåretLørdag, 28. juni 2025

    Årets beste kurv ble annonsert fra scenen under Valdresdagen 28. juni. Fra venstre: Britt Karin Ranum fra Ranum Kurv som vant…

  • Kan du Kuvettreglene?Mandag, 16. juni 2025

    En flokk kyr og kalver på beite i Etnedalen. Nysgjerrige og som regel vennlig innstilt, men det er greit å likevel gå vekk fra…

  • Reis med buss for en 10-er i hele Innlandet i sommerFredag, 6. juni 2025

    Fra 23. juni til 17. august kan du reise med buss i hele Innlandet fylke for bare 10 kroner per tur/enkeltbillett.

    Billetten gjelder på…

  • INKLU søker deltakere med funksjonsutfordringerTirsdag, 3. juni 2025

    Elisa Sevilla Ulfstedt er prosjektleder for INKLU og Henning Wangsnes sitter i styringsgruppa for Valdres Natur- og Kulturpark. Pilotbedrifter er…

april 2025

>
>
>
visitvaldres