Positiv statistikk for stavkyrkjene


Aukande besøk i stavkyrkjene: Hedalen stavkyrkje hadde ei besøksauke på 39 prosent i 2019, samanlikna med fjoråret. Totalt vaks besøkstala med 24 prosent for alle kyrkjene i Valdres. (Foto: Ole Jørgen Liodden)

Då Valdres Stavkyrkjeforum oppsummerte sommarsesongen 2019, kunne dei gledeleg slå fast at besøkstala peikar i rett retning. Fem av seks stavkyrkjer hadde sterk vekst samanlikna med sommaren 2018.

Tekst: Lene Hovi/redaksjonen@valdres.no
Valdres Natur- og kulturpark

- Vi ser ein klår og positiv trend i talet av besøkande til dei seks stavkyrkjene i Valdres. Det er eit mål vi har hatt sidan forumet vart oppretta, og på sikt ynskjer vi at stavkyrkjene skal vera mellom dei mest attraktive besøksmåla i regionen, fortel leiar i stavkyrkjeforumet, Katharina Sparstad.

Les meir om Valdres Stavkyrkjeforum her

Gode guidar

Stavkyrkjeforumet trur at besøksveksten handlar om fleire viktige faktorar, men ynskjer fyrst og fremst å prise kyrkjeguidane som tek i mot dei besøkande på trappa til omvisning.

- Det er veldig flinke folk som kan fortelja levande og godt. Guidane har vorte betre på å kople kyrkjehistorie og den generelle historia om Valdres tettare saman, og er slik sett med på å betre omdømmet til Valdres og stavkyrkjene langt utover den enkelte kyrkjegarden, seier Sparstad.

Meir tilgjengeleg

Betre skilting frå hovudvegane og moderne betalingsløysingar er andre viktige faktorar for det auka besøket, meiner forumet.

- I Reinli ser vi ei auke i besøkande på heile 45 prosent. Hit er det no betre skilta frå E16 i Bagn, og vegen opp har også blitt utbetra. Det er også blitt enklare for utenlandske gjestar å betale seg inn i ei omvisning, då fleire av kyrkjene no kan ta i mot  digital betaling, seier Sparstad.

Ho vil også trekke fram Visit Valdres sitt gode arbeid i å formidle stavkyrkjene som besøksmål og kulturskattar for turistane.

Likevel underskot

Ei god omvisningsteneste kostar, og trass gode besøkstal er det fortsatt langt att til sommaropne kyrkjer går i pluss.

- Kyrkjene ynskjer at kommunane vil bidra økonomisk slik at omvisningstenesta fortsatt kan ha rause opningstider og halde på det høge nivået hjå guidane. Her er det snakk om eit signaturprodukt i Valdres og ei rik kulturhistorie for heile dalen. Med den positive trenden vi har sett i sommar trur vi at stavkyrkjene er med på å trekkje reisande til Valdres framover, og då må vi vera klare til dyst i andre enden, seier Sparstad.

Valdres stavkyrkjeforum oppsummerte ein god sommarsesong: (f.v) Ola Kristian Hegge, Eli Vatn, Liv Barbro Veimodet, Ingebjørg Moe, Guro Hovda og Veslemøy Kvamme (Foto: Katharina Sparstad)

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

juni 2025

  • Beste kurv 2025 er kåretLørdag, 28. juni 2025

    Årets beste kurv ble annonsert fra scenen under Valdresdagen 28. juni. Fra venstre: Britt Karin Ranum fra Ranum Kurv som vant…

  • Kan du Kuvettreglene?Mandag, 16. juni 2025

    En flokk kyr og kalver på beite i Etnedalen. Nysgjerrige og som regel vennlig innstilt, men det er greit å likevel gå vekk fra…

  • Reis med buss for en 10-er i hele Innlandet i sommerFredag, 6. juni 2025

    Fra 23. juni til 17. august kan du reise med buss i hele Innlandet fylke for bare 10 kroner per tur/enkeltbillett.

    Billetten gjelder på…

  • INKLU søker deltakere med funksjonsutfordringerTirsdag, 3. juni 2025

    Elisa Sevilla Ulfstedt er prosjektleder for INKLU og Henning Wangsnes sitter i styringsgruppa for Valdres Natur- og Kulturpark. Pilotbedrifter er…

april 2025

>
>
>
visitvaldres